Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

33

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Instituttets studietilbud Ansatte ved instituttet

Instituttet (ITF) er lokalisert på vår studiestad på Rauland. Vi har ein utøvande profil.

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk (ITF) har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst.

Sjølv om miljøet vårt er relativt lite, er det betydeleg innan fagfelta sine. Instituttet har høg formell kompetanse og er samstundes kjenneteikna av ei tydeleg forankring i det praktiske feltet.

Vi har eitt breitt nasjonalt samarbeid, men kan óg sjå tilbake på langvarig samarbeid (prosjekt, student- og lærarutveksling) med liknande utøvingsbaserte utdanningsinstitusjonar i det øvrige Europa, mellom anna i Slovakia, Ungarn, Frankrike, Irland og Storbritannia.

Studia våre

Instituttet har årsstudium og bachelorprogram innan folkekunst, med fordjuping i tre, metall eller tekstil og folkemusikk samt eit overordna masterprogram i tradisjonskunst.

I tillegg har vi fleire årsstudium, vidareutdanningar og andre kortare studiar.

Alle studieprogramma har ein har ein stor praktisk og utøvande profil.

Nettverk

Vi er mellom anna:

Forskargrupper

Forskargruppa praksis, tradisjon og teknologi tek utgangspunkt i den immaterielle kulturarva, tradisjonskunsten, og studerar kva som ligg i begrepet tradisjon, korleis tradisjonsprosesser har blitt forma og korleis tradisjonsprosessar både blir forma av og former ny teknologi.

Vi samarbeider óg mellom anna med forskargruppane Human Ingenuity Research Group ved University of West Ontario og Empirica ved Helsingfors universitet og Aalto-universitetet.

Publisering

 

keyboard_backspace Oversikt over vitskapelege publikasjonar i databasen Cristin

Kunstnarisk utviklingsarbeid

Mange av dei tilsette er aktive prisbelønte utøvarar på høgt nivå innan sine fagområde.

Mange er til dømes svært aktive musikarar. Eit lite val av album-produksjonar av dei tilsette frå dei siste åra kan du sjå under:

2020:

  • Egeland–Marin: Farvel, farvel
  • Per Åsmund Omholt: «Vara ungkar og gå fri», kommer vår 2020
  • Unni Boksasp Tytebæret, Perleskum (Plateselskap Ta:lik)

2019:

  • Unni Boksasp Fryd, Cantus (Plateselskap 2L)
  • Anne Gravir Klykken: Vokal på plata Hielo azul Tierra Roja. Per Einar Watle (gitar) har sammen med den kjente argentinske akkordeonisten Chango Spasiuk. I tillegg er musikerne Kenneth Ekornes – perkusjon, Steinar Raknes – bass og Marcos Villalba – perkusjon/gitar. Plata er et møte mellom Norge og Argentina og ble sluppet under Oslo Wold festival i november 2019.
  • Egeland–Edén–Marin: Volum 1(Nominert til Folkelarmprisen)

2018:

  • Ragnhild Furholt trio: Vårevinden, Ta:lik
  • Ånon Egeland m/ Lucy Moffatt: Egeland spiller Fjeldstad

2017:

  • Unni Boksasp: Opus 72017, Unni Boksasp ensemble (Plateselskap UBE)
  • Egeland–Marin: Sorpesoll (Nominert til Spellemannprisen, vinner av Folkelarmprisen)

2016:

  • Ragnhild Furholt: Folkesong i Vest-Agder, bok og to cd-ar. Portal forlag og Vest-Agder fylkeskommune.
  • Ragnhild Knudsen: 'Ljose-Signe' med Glima.