Skikkethetsnemnda

Skikkethetsnemnda utarbeider innstilling til nemnda for studentsaker ved USN med ei vurdering av i kva grad studenten er skikka eller ikkje, og om studenten bør bli utestengd heilt eller delvis frå den aktuelle utdanninga, samt lengda på utestenginga.

Det følgjer av universitets- og høgskuleforskrifta § 7-5 at universitetet skal utnemne ei skikkethetsnemnd som er samansett av ni medlemmar. Medlemmar av nemnda utnemnes for tre år av gongen, og studentrepresentantane utnemnes for eitt år. Fagleg leiar for avdeling eller fakultet eller tilsvarande funksjon, er nemndas leiar. Nemndas samansetting tek primært vare på dei store profesjonsutdanningane, som erfaringsmessig har saker til behandling.

Leiar

  • Carl-Magnus Nystad (visedekan for lærarutdanningene, ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap)

Medlemmar

  • Fagleg leiar frå helse- og sosialvitskap:
    Vegard Snartland, programkoordinator for bachelor barnevern ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • Representant frå praksisfeltet, helse- og sosialfagutdanning: 
    Karen Berit Dillerud Sannes, avdelingssjef for utdanningsavdelingen i Vestre Viken HF
  • Representant for praksisfeltet, lærarutdanningene: 
    Torfinn Stave, styrer i Valhall barnehage i Porsgrunn kommune
  • Faglærar, helse- og sosialfagutdanning:
    Turid Iren Jacobsen, førstelektor på bachelor sjukepleie
  • Faglærar, lærerutdanning:
    Ragnhild Evensen, universitetslektor pedagogikk
  • Studentrepresentant:
    Jenny Otilie Næss – Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • Studentrepresentant
    Charlotte Nilsen – Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap
  • Ekstern representant med juridisk embetseksamen:
    Øystein Hagen, advokat/partner i Advokatfirmaet Tveter og Kløvfjell AS

Sekretariat

Skikkethetsnemnda har eit sekretariat som koordinerer og fasiliterer alle møta for nemnda, i samarbeid med nemndas leiar.

Spørsmål kan rettast til Ann Marit Roterud som har det koordinerende ansvaret for skikkethetsnemnda.

Skikkaansvarlege

Generelt om skikkavurdering

Det følgjer av universitets- og høgskuleloven § 12-3 første ledd at utdanningsinstitusjonen i enkelte utdanningar skal vurdere om den enkelte student er skikka for yrket. Universitets- og høgskuleforskrifta § 7-1 synar i hvilke utdanningar skikkavurdering skal foregå. Skikkavurdering av studentar inngår i USNs studieprogram på bachelor- og masternivå, og inkluderer mellom anna alle typer lærarutdanning, sjukepleieutdanning, barnevernspedagog-, radiograf-, optikar-, vernepleie- og jordmorutdanning og ei rekke vidareutdanningar.

Skikkavurdering føretas uavhengig av resultata på teoretiske eksamenar og i praksisstudia, og kommer i tillegg til desse vurderingane. Vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka for yrket. Ein student som utgjer ei mogleg fare for barnehagebarns og elevars eller pasientars, klientars og brukarars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er ikkje skikka for yrket, jf. universitets- og høgskuleforskrifta §§ 7-2 og 7-3.

Særskild skikkavurdering startar med ei tvilsmelding.

Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. universitets- og høgskuleloven § 12-3. Skikkaansvarlege skal følgje opp innleverte tvilsmeldingar i samsvar med universitets- og høgskuleforskrifta § 7-8. Tvilsmelding som tydeleg er ugrunna skal ikkje behandlast av skikkaansvarleg. Skikkaansvarleg skal fremje saker om skikkavurdering for skikkavurderingsnemnda dersom utvida oppfølging og rettleiing ikkje fører til nødvendig endring hos studenten, jf. universitets- og høgskuleforskrifta § 7-8.