Folkedans 2: Tradisjon, bevegelse og musikkanalyse
På vakre campus Rauland tilbyr vi bachelor- og masterstudier innen tradisjonskunst, folkemusikk og folkedans. Det er også mulig å ta enkeltemner fra disse studieprogrammene.
Folkedans 2: Tradisjon, bevegelse og musikkanalyse
Du søker nå:
Rauland
Deltid
Lurt å ha klart før du går videre:
- Søkekode: 6912
Kopier koden så det blir lettere å finne igjen studiet i neste steg. Koden er kopiert
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Utdanningstype: Emne (bachelornivå) -
Progresjon: Deltid -
Oppstart: Vår 2026 -
Studieopplegg: På campus -
Studiepoeng: 15 -
Søknadsfrist: Utløpt -
Søkekode: 6912 -
Antall semester: 1 -
Undervisningsspråk: Norsk
Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk
Vi har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkedans.
Sjølv om miljøet vårt er relativt lite, er det betydeleg innan fagfelta sine. Instituttet har høg formell kompetanse og er samstundes kjenneteikna av ei tydeleg forankring i det praktiske feltet.
Dette lærer du i tradisjon, bevegelse og musikkanalyse
Dette er eit folkedansemne. Med bakgrunn frå emnet FD1T1 'Tradisjonskunnskap folkedans basis', får studentane i dette emnet moglegheit til å fordjupe seg i heilt spesifikke danselement eller dansar. Nokre av dansane er felles for studentgruppa. Fordjupinga i emnet er eit sjølvvalt hovuddansarbeid i ein bygdedans eller runddans.
Historie og tradisjon, teori og analyse, metode og kjeldekritikk er dei tre fagområda, der felles-undervisinga krinsar rundt praktisk-teoretiske djupdykk i dansehistoria til vår felles-europeisk samværsdans.
Undervisninga er samlingsbasert og eignar seg for deltidsstudium for de som ønskjer ei ekstra fordjuping i folkedans anten de er studentar, folkemusikkstudentar, jobbar i skulesektoren, kulturskule, DKS, i kulturforvaltinga, museum eller arkiv, eller berre ønskjer å fordjupa dykk i folkedans som hobby eller i det frivillige organisasjonsarbeidet.
Desse to folkedansemna (haust og vår) er anbefalte forkunnskapskrav for fordjupinga folkedans i emnet folkemusikk og folkedansmetodikk. Emna er i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans og deira rikhaldinge dansearkiv.
Samlingar
Samlingar våren 2026 er veke 4, 11 og 23.
I veke 4 startar samlinga måndag kl 15.30 - 20.00, og vert avslutta fredag kl 13.30 - slik at ein kan nå buss til Oslo/Bergen. (Veke 11 og 23 er også over 5 arbeidsdagar. I veke 11 kan studiet også ha noko undervisning i helga før eller etter om studentkullet vert stort).
Studiet foregår på USN Rauland der Raulandsakademiet er godt lagt til rette for samlingsbaserte studieprogram. De kan bestille overnatting med eller utan mat (be om studentpris) i same bygg som undervisninga ved å kontakt med post@raulandsakademiet.no / 35 07 32 92. Det skal kunne gå an å lage seg enkel mat sjølve. I nabobygga har ein også blant anna studenthuset Stubben og studentpubben Gardsjordstoga der det er spel og dans kvar onsdag.
Anbefalt forkunnskapskrav
Anbefalt forkunnskapskrav er årsstudium i folkemusikk eller folkedans. Dersom du tek dette som eit enkeltemne, er de forventa at du har ein del praktisk kjennskap til norsk folkedans eller norsk folkemusikk frå før.
Emneplan
En emneplan beskriver det faglige innholdet i emnet og hvilket læringsutbytte du skal ha av å ta nettopp dette emnet. Her finner du også pensumlister og annen informasjon om gjennomføringen.
Lenke til sist publiserte emneplan
Opptakskrav
-
Generell studiekompetanse