Gjennom ordninga EDUC Research Internship er masterstudent Rama Al-Zeer frå EDUC-partnar Universitetet i Pécs (PTE) i Ungarn i gang med eit månedslangt EDUC-forskingstipend på Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi på USN. Etter dette, fortset ho det hybride praksisopphaldet i fire måneder frå Pécs.
Under opphaldet på USN campus Porsgrunn er Al-Zeer knytt til Renewable Energy and Advanced Construction Technologies Laboratory (REACT-Lab), som er ein del av USNs forskingsgruppe i energi- og miljøteknologi (URGENT).
Her arbeider ho tett saman med førsteamanuensis Hadi Amlashi for å vidareutvikle masteroppgåva si, som handlar om robust optimalisering av geometrien til vindturbinblad.
Tek omsyn til reell usikkerheit
– Tradisjonell ingeniørvitskap tek ofte utgangspunkt i best mogleg-scenario. I røynda varierer vindhastigheitene heile tida. Dersom vi ikkje tek omsyn til denne usikkerheita, kan løysingane fungere dårlegare enn forventa, seier førsteamanuensis Hadi Amlashi.
Prosjektet til Al-Zeer har tittelen Simplified Robust Optimization of Horizontal Axis Wind Turbine Blade Geometry Under Environmental Uncertainty Using Open-Source Tools, og tek direkte opp ei utfordring som er relevant for industrien.
– I praksis betyr dette å utvikle vindturbinblad som ikkje berre er effektive, men òg økonomisk berekraftige under dei skiftande forholda ein møter i den verkelege verda, forklarar Al-Zeer.
Ved hjelp av eit rammeverk basert på programmeringsspråket Python (snl.no) og open kjeldekode, utviklar ho ein modell som reduserer variasjon i Levelized Cost of Energy.
Levelized Cost of Energy (LCOE)
Levelized Cost of Energy (LCOE) er ein økonomisk målemetode som viser gjennomsnittskostnaden for å produsere energi gjennom levetida til eit anlegg eller energisystem, fordelt på all energi som blir produsert i denne perioden. Det inkluderer alle relevante kostnader som investering, drift og vedlikehald, og gir ein standardisert måte å samanlikne ulike energiteknologiar på ein lik basis
Gjer det mogleg å teste nye idear
Forskingsopphaldet kjem som eit resultat av sterkt samarbeidet mellom USN og EDUC. Amlashi peikar på at internasjonal mobilitet bidreg positivt til det faglege miljøet ved REACT-Lab.
– Arbeidet til Rama passar svært godt inn i oppdraget vårt. Vi arbeider med berekraftig vidareutvikling av designmetodar for å bidra til avkarbonisering. Gjennom datadrivne og fysikkinformerte modellar ønskjer vi å betre analysane våre. Det å ha ein dedikert forskar som arbeider spesifikt med robustheit i bladgeometri, gjer det mogleg å teste nye idear som på sikt kan kome industrien til gode, seier Amlashi.
EDUC Research Internship-ordninga legg til rette for at studentar og forskarar kan flytte mellom partnaruniversiteta og slik styrkje samarbeid og kunnskapsutveksling i Europa.
Al-Zeer er ved USN i perioden 6. januar til 5. februar 2026, og er i denne perioden knytt til Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi på campus Porsgrunn.
