Mentorordning for EDUC-tilsette: EDUC Mentoring Programme

EDUC-logo ved siden av en yngre og en eldre person. illstrasjon

Vi held fram med å etablere mentor-mentee-relasjonar på tvers av alliansen.

EDUCs mentor- og lærlingordning fører saman to tilsette – ein mentor og ein mentee som arbeider innan same fagfelt ved to ulike EDUC-universitet.

Programmet er ope for alle tilsette på USN.

– Målet er å fremje fagleg utvikling og karrierevekst, samtidig som ein byggjer ein inkluderande europeisk kultur og utvidar nettverk, seier prosjektrådgjever for EDUC på USN, Rebeca Schumacher Eder Fuao, på vegne av arbeidsgruppa for mentorordninga (arbeidspakke fem, oppgåve 2), som er under leiing av USN. 

Ho legg til at EDUCs mentorordning er basert på det vellukka mentorprogrammet frå USN Handelshøgskolen, og at det er spannande å sjå dette brukt i ei europeisk samanheng.

Vil du delta?

Påmeldingsfrist 8. februar: Utlysing: Bli ein mentor - Universitetet i Sørøst-Norge

Kven kan vere mentor? ​​​​​​
  • Du har meir enn tre års arbeidserfaring frå internasjonale kontor og EU-prosjektkontor
  • Du snakkar flytande engelsk (minimum B1-nivå)
  • Du er villig til å dele erfaring som ekspert innan ditt fagfelt
  • Du kan forplikte deg til om lag tolv timar totalt i løpet av dei seks månadane programmet varer

 

Kven kan vere mentee?
  • Du har mindre enn tre års arbeidserfaring frå internasjonale kontor og EU-prosjektkontor
  • Du snakkar flytande engelsk (minimum B1-nivå)
  • Du ønskjer å utvikle kompetansen din innan ditt fagfelt
  • Du kan forplikte deg til om lag tolv timar totalt i løpet av dei seks månadane programmet varer.

Korfor?

Mentorordninga er eit verktøy for kompetanseutvikling både for mentor og mentee.

Måla for deltakinga er:

  • utvikling av kunnskap og ferdigheiter
  • nettverksbygging
  • deling av ekspertise og mønsterpraksis
  • moglegheit til å styrkje mentor- og kommunikasjonsdugleiker (for mentorar)

Korleis?

Mentorprogrammet vil føregå i arbeidstida til deltakarane (totalt 12 timar).

Målet er at mentor og mentee skal:

  • ha minst eitt nettbasert møte per månad i ein periode på seks månader
  • gjennomføre tre nettbaserte tilbakemeldingssesjonar med trenaren (1 time kvar)
  • delta på ei digital opplæringsøkt (i april) og ein nettbasert avslutningssesjon (i november), begge på halvannen time

Utvelging og spleising

Utvelgingsprosessen vil bli gjennomført av arbeidsgruppa for mentorprogrammet (arbeidspakke fem, oppgåve 2) 

Kriterium for å spleise mentor og mentee vil vere:

  • likt kompetansenivå i engelsk
  • felles interesse for deling av kunnskap og praksis
  • mentor bør ha høgare ekspertise enn mentee
  • motivasjon

EDUC tilbyr:

  • opplæringsøkter for mentor og mentee
  • tilbakemeldingssesjonar som blir arrangert gjennom pilotfasen
  • ein avslutningssesjon for alle deltakarar
  • sertifikat