Parallelt med EDUCs rektor- og styringskomitémøte i Paris (22.-23. juni 2023), vart det avvikla ei tankesmie for studentrådet til alliansen – EDUC Student Board.
Her deltok studentrepresentantar frå alle dei åtte EDUC-universiteta for å bli kjende, etablere generelle retningslinjer, fordele rollar, finne ut av samarbeidsform og framdrift.
Kva er EDUC?
- Gjennom universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) inngår USNs studentar og tilsette i eit akademisk nettverk mellom sju universitet i Europa:
-
Masaryk Universitet (MU) Tsjekkia
-
Universitetet i Cagliari (UNICA) – Italia
-
Universitetet Jaume I (JM1) – Spania
-
Universitetet i Paris Nanterre (UPN) – Frankrike
-
Universitetet i Pécs (UPT) – Ungarn
-
Universitetet i Potsdam (UP) – Tyskland
-
Universitetet i Rennes (UR) – Frankrike
-
- EDUC er basert på pedagogisk innovasjon gjennom digitale verktøy og ordningar for fagleg openheit som tenar mobiliteten til studentar så vel som undervisarar, forskarar og teknisk-administrativt personell.
- EDUC-medlemmane sameiner kunnskap og ressursar med mål om å skipe eit integrert europeisk universitet med transnasjonale campusar og ein sameina virtuell campus.
- EDUC støttar saumlaus mobilitet for studentar og tilsette gjennom språkmangfald, og nyttar blanda (fysiske og virtuelle) lærings- og treningsformat,
- EDUC er eit resultat av EUs European Universities Initiatives (EUI).
Stemmerett og avgjerdsmakt
Studentrådet skal no utnemne ein leiar, ein nestleiar og ein sekretær. Leiaren skal inngå i EDUC styringskomité med stemmerett og avgjerdsmakt på line med dei andre styringskomitémedlemmane.
– Eg vil ikkje kommentere noko her førebels, men dokker kjem til å høyre frå oss når rollane er fordelt, det er klart. Det lovar eg, seier Nora Rymoen Houidi med eit smil.
Ho er nyvald studentleiar i Studentdemokratiet i Sørøst (SDSN) og tok del i tankesmia som den einaste representanten frå USN.
- LES ÒG: Nytt arbeidsutval for studieåret 2023/2024 - Studentdemokratiet - Universitetet i Søraust-Noreg (sdsn.no)
– Lovar godt
– Dette første møtet lovar godt. Alle vi som sit i studentrådet er engasjerte og entusiastiske, og ikkje minst takksame for å bli involvert og for å kunne samarbeide tett med EDUC-tilsette, seier Houidi, som legg til at EDUCs studentråd er opptekne av å vere ein tydeleg og sterk del av økosystemet av internasjonale studentorganisasjonar.
EDUCs studentråd er òg representert i European Students' Union (esu-online.org).
Bidreg inn
Alle representantane i EDUCs studentråd skal kople seg på ulike oppgåver i allaiansens arbeidspakkar og slik sett bidra inn i realiseringa og utviklinga av alliansen i tråd med forpliktingane overfor EU.