Til Paris for å utforske nye horisontar

representantar frå USN Kultur i eit fullt auditorium på Universitetet Paris Nanterre. Foto
(Foto: UPN / EDUC) Kopirett: USN

Gjennom EDUC har USN og Universitet Paris-Nanterre funne felles grunnlag for å styrke kompetansen innan kunst og kultur, og leggje til rette for samarbeid på tvers av regionar og nasjonar.

I slutten av november vitja forskarar frå prosjektet USN Kultur Universitetet Paris-Nanterre (UPN). Målet med besøket var å diskutere utviklinga av nye samarbeidsprosjekt mellom dei to institusjonane innan utdanning, forsking og kultur.

USN Kultur har som mål å utvikle tverrfagleg forsking og etablere nye studie- og etterutdanningsprogram som bidrar til å møte og styrke kompetansebehova innan kunst og kultur på ulike felt. Prosjektet skal også legge til rette for samarbeid mellom fagmiljø og strategiske partnarar på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

– Dette første møtet lovar spennande framtidige utvekslingar og internasjonale samarbeidsprosjekt. Vi vil utforske grenser og skape nye høve for studentar, forskarar og kulturarbeidarar. Saman kan dei forme ein rik og mangfaldig akademisk verden der kunnskap og kreativitet blomstrar, seier institusjonell koordinator for EDUC på USN, Heidi T. Knutsen.

Les meir om Universitet Paris Nanterre: EDUC Alliance – Open your world of European education

Fann kvarandre

UPN har ei spennande historie – universitetet var arnestedet for 68-opprøret og byr på store mengder interessant politisk historie og kultur. Teaterfestival, museumsbesøk og diskusjonar om forskings- og utdanningssamarbeid stod på programmet. UPN arbeider tverrfagleg og heilskapleg med eit interessant perspektiv på samfunnsansvaret; dei er gode på samhandling og inkludering av lokalsamfunnet i mange delar av verksemda si.

Fagmiljø innan mellom anna leiing, historie, kulturarv, musikk og språk fann kvarandre under besøket. UPN kan tilby tilgang til arkiv, spesialiserte forskingsbibliotek og andre fasilitetar som også forskarane ved USN vil kunne nyttiggjere seg gjennom det etablerte samarbeidet. UPN har spennande initiativ innan berekraft, både gjennom satsing på eit grønt campus og gjennom engasjement for sosial berekraft.

Omfattande

Eit omfattande to-dagars program vart organisert for anledninga, der USN-gjengen møtte den administrative leiinga og representantar frå ulike avdelingar og organisasjonar knytt til UPN. Programmet inkluderte ei omvising på universitetsområdet, deltaking på opningsforestillinga til studentfestivalen «Nanterre sur Scène», eit besøk til Maison des Sciences de l’Homme Mondes (MSHM), Gamelan-verkstaden og ei guida omvising på den midlertidige utstillinga «Ripostes! Archives de luttes et d’actions, 1970-1974», arrangert av La Contemporaine.

USN Kultur opplevde ein oppriktig interesse for å få til samarbeid og vil byggje vidare på dette i 2024.

– Dette svært produktive første møtet lovar framtidige utvekslingar og utvikling av internasjonale samarbeid innanfor områda kulturell handling, språk, idrett og fysisk aktivitet, kultur og kulturarv, berekraftig utvikling og lærarutdanning, seier Knutsen.