Til Ungarn med virus i bagasjen

Jörn Klein + EDUC-WIDE-logo

Vår høgt profilerte smittevernforskar Jörn Klein får tilgang til toppmoderne forskingsfasilitetar ved den ungarske EDUC-partnaren vår Universitetet i Pécs. Det gir eit kjempeløft til hans pågåande forskingsprosjekt på handhygiene.

I fjor vart det lyst ut tilgang til totalt 22 forskingsfasilitetar hos EDUC-WIDEs «Widening Partners»: tsjekkiske Masaryk Universitet, ungarske Universitetet i Pécs og ukrainske Vasyl Stefanyk Precarpathian Nasjonale Universitet. 

Jörn Klein, professor i mikrobiologi, epidemiologi og smittevern ved USN, var blant dei som fekk gjennomslag for søknaden om tilgang til forskingsfasilitetar.

Bli kjent med EDUC-WIDE, forskningsdelen av EDUC:

– Eit strålande døme

Heidi T. Knutsen– Dette samarbeidet viser noko av styrkjen i EDUC og evna denne alliansen har til å opne nye dørar for banebrytande forsking. Alt handlar om å utnytte ressursane og ekspertisen på tvers av grenser for å fremje kunnskap og innovasjon, seier Heidi Tovsrud Knutsen, institusjonell koordiantor for EDUC på USN.

Viserektor for forsking, berekraft og nyskaping på USN, Heidi Ormstad, ser fram til dei verdifulle innsiktene som vil komme ut av dette samarbeidet:

– Dette er eit strålande døme på korleis vi kan bruke partnarskapet vårt til å utgjere ein reell skilnad i vitskapleg forsking og utdanning. Ved å arbeide tett med dei internasjonale partnarane våre, kan vi fremje innovasjon og utvikle nye strategiar for smittevern. Dette prosjektet er eit bevis på kor viktig internasjonalt samarbeid er for å løyse globale helseutfordringar, seier ho.
Szentágothai Research Centre (PTE)

Ikkje mogleg tidligare

I mai reiser Klein til Ungarn for å jobbe på Hungarian Centre for Genomics and Bioinformatics | University of Pécs (pte.hu), som ligg i Szentágothai forskingssenter ved Universitetet i Pécs.

Om Hungarian Centre for Genomics and Bioinformatics
  • den første ungarske kjernefasiliteten med spesielt fokus på å tilby tenester innan både neste generasjons sekvensering (NGS) og bioinformatikk.
  • tilbyr eit breitt spekter av NGS-tenester, inkludert Illumina-sekvensering (NextSeq, MiSeq, MiniSeq og iSeq), nanopore langtidslesing-sekvensering (MinION), og fullstendige protokollar for sekvensering av genom, transkriptom, epigenom og metagenome
  • tilbyr også råd om studiedesign og gir tenester innan bioinformatikk og biostatistisk dataanalyse på NGS samt andre biomedisinske data.
  • Ein del av Szentágothai forskingssenter ved Universitetet i Pécs
  • Nettstad: Hungarian Centre for Genomics and Bioinformatics | University of Pécs

Med seg til Ungarn har Klein med ein haug med bakteriar, virus, sopp og andre mikrobar som lever på huda i hendene våre. Desse prøvane skal analyserast på senteret, som tilbyr toppmoderne sekvenseringsutstyr og ekspertise som ikkje er tilgjengeleg ved USN.

– Gjennom samarbeid med dette senteret kan vi nytte oss av avanserte metodar for genomanalyse og bioinformatikk. Dette vil gi ei meir presis kartlegging av mikrobiomet og identifisere bakterieartar som tidlegare ikkje har vore mogleg å påvise i slike studiar, fortel Klein.

Betre hygienepraksis

Arbeidet er ein del av prosjektet Mapping the Microbial Composition of Healthy Hand Skin Flora in Two Different Age Groups, som tek sikte på å etablere ein omfattande database over handas mikrobiom hos to ulike aldersgrupper: unge vaksne mellom 18 og 25 år og eldre sjukeheimsbebuarar over 80 år.

– Hovudmålet med prosjektet er å gi verdifull innsikt i mikrobiell diversitet, aldersrelaterte skilnadar og potensielle interaksjonar mellom bakteriar på huda, fortel Klein.

Databasen han etablerer kan danne grunnlag for vidare forsking på infeksjonsførebygging, særleg i helsesektoren, der hender fungerer som ein av dei primære berarane for sjukehusinfeksjonar.

– Ved å identifisere og forstå den naturlege balansen i handas mikrobiom, kan resultata bidra til forbetra hygienepraksis og utvikling av nye strategiar for smittevern, seier Klein.

Fylle kunnskapshol

Forskningsprosjektet vart initiert for å fylle eit kunnskapshol om korleis mikrobiomet på hendene varierer mellom ulike aldersgrupper. Dette er spesielt relevant i helse- og omsorgssektoren, der eldre pasientar ofte er overrepresentert blant dei som blir ramma av sjukehusinfeksjonar. Prosjektet gir også eit unikt høve til å fremje internasjonalt samarbeid og innovasjon innan infeksjonskontroll.

Prøveinnsamlinga går føre seg i Noreg i april 2025. Totalt skal 100 deltakarar bidra med prøver, som deretter blir anonymiserte og analyserte. Resultata vil bli tilgjengelege for framtidig forsking og kan potensielt leie til konkrete forbetringar i både praksis og politikk for smittevern.

Heidi Ormstad

– Meir enn berre ein avtale

Viserektor Heidi Ormstad legg til at det er verdt å feire når USN får gjennomslag for konkrete prosjekt i den europeiske alliansen vår:

– EDUC skal vere noko meir enn berre ein avtale som kun dukker om i strategidokumenta våre. Det gler meg å sjå at EDUC sildrar ut i organisasjonen, og at det kjem konkrete resultater, som dette, der forskarane i alliansen finn saman, seier Ormstad.

Ho minner om at to forskningsmiljø ved USN (INHM og IMS) like før jul fekk tilslag på kvar sin prosjektsøknad gjennom Knowledge Exchange Scheme for Research Infrastructures (KES infra) saman med ein rekke andre EDUC- og EDUC-WIDE universitet:

1. Micro and nanotechnology research infrastructure knowledge exchange scheme 

  • USN, IMS (koordinator)
  • Vasyl Stefanyk Precarpathian National University (PNU)
  • Jaume I (JIU)
  • University of Masaryk (MU)
  • University of Cagliari (UniCa)
  • University of Rennes (R1)

2. Genomics and Bioinformatics research  infrastructure Knowledge exchange scheme

  • USN, INHM (partnar)
  • University of Cagliari (UniCa)
  • University of Pécs (PTE)
  • University of Masaryk (MU)
  • Vasyl Stefanyk Precarpathian National University (PNU)