![]()
Takk vere den vide breidda av universiteta i EDUC og det unike samarbeidsrammeverket, internship og virtuelt samarbeid, kan alliansen vår hjelpe deg møte dagens utfordringar og finne nye talent.
Skal vi vere vener?
Bli ein del av eit EDUC Friends, eit dynamisk nettverk knytt til alliansen. Dette er eit ope fellesskap for dei som ønskjer å halde kontakten, bidra med idear og vere ein del av eit ambisiøst europeisk akademisk økosystem.
Ver med på å forme ei felles framtidsvisjon for innovasjon, samarbeid og utviklinga av europeiske universitet.
Ta kontakt med Friends of EDUC: friends@educalliance.eu
Kven kan bli medlem av Friends of EDUC?
- EDUC-alumni: Alumni frå universitet i EDUC-alliansen som har delteke i ein EDUC-aktivitet.
- Alumni frå EDUC-universiteta: Alumni frå kvart av partnaruniversiteta kan bli ein del av Friends of EDUC Network som ein tilleggsteneste eller meirverdi gjennom universitetet sitt eige alumniprogram.
- Donorar og sponsorar: Fysiske eller juridiske personar som gir økonomisk støtte til EDUC.
- Interessentar: Juridiske einingar som ønskjer å støtte EDUC-nettverket.
- Støttespelarar: Alle fysiske eller juridiske personar som ønskjer å bli ein del av nettverket.
Kvifor bli medlem av Friends of EDUC?
Som ein Friend of EDUC vil du kunne:
- halde deg oppdatert med dei nyaste nyheitene, oppdateringane og moglegheitene gjennom vårt eksklusive nyheitsbrev
- delta og knyte kontaktar gjennom samlingar, arrangement og nettverksmoglegheiter på tvers av alliansen
- styrkje den profesjonelle kompetansen din gjennom tilgang til opplærings- og utviklingsaktivitetar
- støtte meiningsfulle initiativ som er i tråd med EDUC sitt samfunnsoppdrag og verdiar
- vere ein EDUC-ambassadør og bidra til å styrkje alliansen si rekkevidde og påverknad i eigne nettverk og lokalsamfunn
Livslang læring
Vidareutdanningskurs og -emne i EDUC er retta mot vaksne yrkesutøvarar som ønskjer å styrkje kompetansen sin gjennom undervisning frå dyktige fagfolk ved leiande universitet.
- Sjå oversikt over kursa/emna her: Life-Long Learning with EDUC (educalliance.eu)
Kvart universitet har sjølv ansvar for sine eigne kurs. For å gjere påmeldinga så enkel som mogleg, har vi redusert prosessen til berre nokre få steg.
Kursa/emna blir tilbydde anten som nettbasert fjernundervisning eller som fysiske samlingar, der du eller kollegaene dine må møte opp på undervisingsstaden.
- Finn eit kurs/emne som passar for deg eller arbeidsplassen din.
- Gå vidare via lenkja, og kom direkte til det aktuelle universitetet.
- Følg påmeldingsprosessen som er skildra på kurssida, eller ta kontakt med universitetet som tilbyr kurset dersom du har spørsmål.
Når påmelding og eventuell betaling er gjennomførte, får du all informasjonen du treng for å delta.
EDUC sitt tilbod om vidareutdanningskurs for vaksne 2026
Nedanfor finn du kursa som er opne for søknader i 2026. Talet på plassar kan vere avgrensa, så ikkje vent med å ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon eller vil melde deg på.
Tilgang på internasjonale studentar
Gjennom alliansen vår tilbyr vi internship til internasjonale studentar frå dei sju partnarane våre i alle EDUC-landa: Frankrike, Italia, Norge, Spania, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn.
Stillingane blir publiserte i EDUC-katalogen: EDUC Catalogue
Ta kontakt, viss du vil vite meir (nettskjema).
Nøkkelinfo om EDUC Internships
-
Varigheit: 2-6 månadar
-
Periode: Fleksibelt, men mellom januar og oktober 2026
-
Ulønna: Studentane får stipend heimanfrå, og det er ikkje forventning om lønn eller anna godtgjersle frå arbeidsgivar.
Administrativ støtte og utveljing av kandiadater
-
Administrativ støtte: EDUCs kjernelag på USN hjelper til med administrasjon i søknadsprosessen.
-
Utveljing av kandidatar: Arbeidsgivar står for dette.
Meir om EDUC Internship: praktikantstillingar og praksisplassforslag
EDUC Internship er ein moglegheit ikkje berre for studentar, men òg for institusjonar, selskap, ideelle organisasjonar med fleire. EDUC-universiteta tilbyr praksisopphald på opptil seks månader på eit av partnaruniversiteta eller deira tilknytta organisasjonar.
Tilbydarar av EDUC Internship får fleire fordelar og gevinster. Ein av dei er tilgang til internasjonalt talent, sidan det gir moglegheit til å knyte kontakt med svært motiverte studentar med ulike ferdigheitar og kulturelle bakgrunnar frå ei brei rekke disiplinar.
Et samarbeid med EDUC er en måte for organisasjonar og universitetsavdelingar å auke synlegheita si, både lokalt og internasjonalt, og styrke omdømet sitt som engasjert i utdanning og talentutvikling.
Å ta imot internasjonale studentar som praktikantar gjer det mogleg å dra nytte av den nyaste akademiske kunnskapen og innovative idear i arbeidet med å halde seg oppdatert og konkurransedyktige i dagens raskt skiftande landskap.
Dessutan kan samhandling med studentar og tilsette frå ulike universitet og kulturar føre til oppretting av nye strategiske partnarskap og framtidige samarbeidsmoglegheiter. Dette samarbeidet bidreg direkte til den praktiske treninga av framtidige fagfolk, og fremjar ei sterk talentkjelde for sektoren.
Andre moglegheiter i EDUC:
Minikvalifikasjonar (Micro-credentials)
EDUC-partnarane tilbyr spesialiserte minikvalifiseringar (micro-credentials) som svarer opp etterspurnaden etter ferdigheiter på høgt nivå.
Desse korte, digitale kursa er retta mot folk i arbeidslivet som ønskjer å bli betre og meir konkurransedyktige innanfor sine fagfelt.
Sjekk EDUC Catalogue (vi har filtrert søket for deg) for å sjå kva tilbod vi har til ein kvar tid.
Lokale styresmakter og lokalsamfunn
Omfanget av alliansens samband vil vera varierande. EDUC tek omsyn til dei fem oppdraga til EUs Horisont Europa-program (europa.eu) og Smart Specialisation-strategiar (S3) (europa.eu). Dette betyr at EDUC-samarbeid som kjem i stand for å delta i utlyste EU-prosjekt, skal inkludera lokale styresmakter og næringsliv for å betre imøtekoma lokale behov.
Lokale bedrifter og industripartnarar
EDUC-universiteta vil skape relasjonar med lokale føretak for å samarbeide om forsking, skape praksisplassar og arbeidsmoglegheiter for studenter som kjem til EDUC.
Våre samarbeidspartnarar vil kunne oppdage unge talent med ein frisk synsvinkel for å takle teknologiske og forretningsmessige utfordringar og sikre jamn straum av kvalifiserte framtidige tilsette med vidt verdssyn og multikulturell erfaring.
Tilknyting til andre europeiske prosjekt
Innføringa av opne API-ar (Application Programming Interface) for tredjepartsapplikasjonar vil gje pålitelege tredjepartar høve til å knyte deira digitale teneste/applikasjon til EDUC-portalen og nytte seg av data som EDUC-alliansen har gått med på å gjere tilgjengelege.
Dei EDUC-aktivitetane som går ut på å skape ein tenestebasert digital infrastruktur, inkluderer òg samhandling med andre europeiske digitale prosjekt, som har som mål å utvikle ein europeisk sentral høbb for blanda og nettbasert læring, digitale tenester knytt til mobilitet og overgripande infrastrukturprosjekt.
