Kombinerer matematikkundervising og menneskerettar

jente løser eit mattestyukke på ei tavle. Foto
ILLUSTRASJON: Istock

Professor Yasmine Abtahi leiar eit prosjekt som mottek ti millionar kroner for å styrkje kunnskap om etikk, menneskeverd og demokratisk deltaking blant matematikkundervisarar.

Yasmine Abtahi. FotoNoregs forskingsråd (NFR) har i juni 2023 fordelt 124 millionar kroner til forsking på utdanning og læring (forskingsradet.no) over Kunnskapsdepartementets budsjett.

− I utviklinga av den norske skulen treng vi stadig ny kunnskap. Vi må forstå våre største utfordringar og vite kva som fungerer for å løyse dei. Desse forskingsprosjekta vil gi viktige bidrag til den kunnskapsbaserte utviklinga av norsk utdanning, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i samband med tildelinga av løyvingane.

Skal utvikle pedagogiske metodar

USN-professor Yasmine Abtahis prosjekt «Developing Human Rights Values in Mathematics Teacher Education: Education with and by Youth» (ViMTE) var blant dei 13 prosjekta som vann fram i konkurransen om løyving. Hennar prosjekt tilhøyrer porteføljen Utdanning og kompetanse, der kun seks prosjekt fekk løyving i denne omgang.

Målet med ViMTE-prosjektet er å utvikle teori og pedagogiske metodar for styrke kunnskapen om etikk, menneskeverd og demokratisk deltaking i matematikkundervisninga.

− Vi skal knyte saman stemmene til ungdommen og dei norske læreplanverdiane om menneskeleg verdigheit, etisk medvit og demokratisk deltaking. Ved å føre ekspertisen til ungdommen i dialog med lærarstudentar og lærerutdannere, har vi som mål å inkludere menneskerettsverdiar i norske matematikklærarutdanningsprogram og dermed i praksisen til framtidige matematikklærarar på skular i Noreg, seier Abtahi.

Abtahi er medleiar for USNs forskingsgruppe for matematikkdidaktikk og jobbar ved USNs Institutt for matematikk og naturfag. I arbeidet sitt fokuserer ho på etikk i matematikkundervisninga, og forskinga hennar er knytt til sosial berekraft i relasjon til verdiar som etisk medvit, verdigheit og menneskerettar.

− Viktigare enn nokon gong

− Samfunnet blir meir og meir kunnskapsbasert. Å lykkast med skule og utdanning er viktigare for kvar enkelt av oss enn nokon gong, og avgjerande for at Noreg skal greie å omstille seg og bidra til å løyse dei store utfordringane vi står overfor, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.

NFR er den nasjonale organisasjonen for finansiering av forsking og eksperimentell utvikling (FoU) og FoU-støtta innovasjon. 

Gjennom desse rollene skal NFR leggje til rette for utviklinga av sterke forskings- og innovasjonsmiljø som hevdar seg i den internasjonale konkurransen, skaper innsikt, bidreg til verdiskaping og til å løyse dei samfunnsutfordringane Noreg og verdssamfunnet står overfor.