Har du lyst til å delta i ViMTE-prosjektet?
Klikk her for å finne vårt infomasjons- og samtykkeskjema for deltakere (.pdf)
Bakgrunn
FNs bærekraftsmål (2021) oppmodar til handlingar for å adressere globale menneskelege og ikkje-menneskelege utfordringar, fred og rettferd. Basert på denne oppmodinga, oppfordrar Udir (2020) til at dei tverrfaglege verdiene etisk medvit, menneskeverd, og demokratisk deltaking skal inkluderast i alle skulefag.
Eksplisitt innlemming av verdiar (spesifikt: etisk medvit, menneskeverd og demokratisk deltaking) er eit krav i den norske læreplanen (Udir, 2020). Desse verdiene har ikkje tidlegare blitt adressert i utdanningsprogramma for matematikklærarar i Noreg.
Generelle idear om ViMTE-prosjektet
I ViMTE-prosjektet utviklar vi innsikt for å innlemme menneskerettsverdiar som etisk medvit, menneskeverd og demokratisk deltaking i matematikkundervising og -læring. Ekspertisen og råda frå ungdommen står sentralt i prosjektet vårt.
Vi siktar mot å auke medvitet, praksisar og aktivitetar for å styrke elevar til å bidra til bygging og forsvar av ein universal kultur for menneskerettar i samfunnet.
Vi vil skape følgjande kunnskap:
- Kunnskap (om): Identifisere medvitet og forståing, og relevansen av verdiar for deira kontekstar og erfaringar.
- Haldning/miljø (gjennom): Identifisere noverande erfaringar og praksisar i matematikkklasserom. Identifisere lærarane sine refleksjonar over ungdommens stemmer.
- Handling/aktørskap (for): Utvikle tilpasning av praksis i respons til ungdommens stemmer.
Hovudmålet til ViMTE er å utvikle ny innsikt for å styrke kompetansen til barn og ungdom, lærarutdannarar og lærarstudentar til å innlemme desse verdiene i matematikkundervising og -læring. For å nå dette målet vil vi involvere teoretisk og metodologisk innovasjon ved å lene oss å konsept frå matematikkundervising og menneskerettsundervising.
Gjennom eit deltagande forskingsperspektiv vil vi invitere ungdom frå 5.-10. klasse til å samarbeide med forskarar, lærarutdannarar og lærarstudentar ved to universitet for å forstå korleis eksisterande praksisar støtter og hindrar innlemminga av verdiar i utdanningsprogramma for matematikklærarar, og for å utvikle nye praksisar.
Innafor ein breiare sosial agenda, vil ViMTE framheve samspelet mellom læring i matematikk og dei overordna verdi-baserte kunnskapane som går på tvers av faggrenser og er nødvendige for å bidra til eit meir sosialt berekraftig samfunn og arbeidsliv.
Del 1: Læring frå barn og ungdoms ekspertise
Vi inviterer ungdom frå 5.-10. klasse til å samarbeide med forskarane for å fortelje oss kva dei veit om desse verdiene og kva forslag og idear dei har for å innlemme desse verdiene i aktivitetane i matematikkklasseromma. Vi ber ungdommen om å lage ein artefakt, basert på ideane og forslaga deira.
Del 2: Refleksjon saman med lærarutdannarane om barna og ungdommens ekspertise
Vi deler barna og ungdommens artefaktar med lærarutdannarane. Vi samarbeider med lærarutdannarane for å reflektere over ungdommens artefaktar og skape ein matematisk aktivitet som lærerstudentane deira skal utføre.
Del 3: Refleksjon saman med lærarstudentane om barna og ungdommens ekspertise
Vi deler barna og ungdommens artefaktar med lærarstudentane. Vi samarbeider med lærarstudentane for å reflektere over barna og ungdommens artefaktar og skaper ein matematisk aktivitet for deira framtidige elevar.
Formidling