Institutt for matematikk og naturfag

Institutt for matematikk og naturfag
Instituttet (IMN) famnar dei to skolefaga matematikk og naturfag og er geografisk spredd på fire studiestader: Drammen, Notodden, Porsgrunn og Vestfold. Vi har eit spesielt fokus på profesjonsorientert undervising i båe fag og arbeider mykje med blant anna profesjonsfagleg digital kompetanse og berekraftig utvikling. IMN har regiansvar for det tverrfaglege temaet Berekraftig utvikling i den nye GLU-modellen. Instituttet har aktive forskargrupper innan båe fagfelt, med forskarar med erfaring innan forsking og undervising i realfaga.
Våre studium
Instituttet er ein viktig bidragsytar inn i profesjonsutdanningane: grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg har vi mange og varierte oppdrag i etter- og vidareutdanning for lærarar, både gjennom Kompetanse for kvalitet og dei desentraliserte/regionale ordningane for vidareutdanning.
Aktuelle forskargrupper på instituttet:
Publiseringar:
Oversikt over publiseringar i forskingsdatabasen Cristin.
Eksternfinansierte prosjekter:
MIM-prosjektet (NRF): “Mathematics Education in Indigenous and Migrational contexts: Storylines, Cultures and Strength-based Pedagogies”. Korleis skjer eigentleg læring i matematikkundervisinga når elevane har bakgrunn frå ulike språk og kulturar?