Ein ny periode i Studendemokratiet i Søraust-Noreg (SDSN) er straks i gong.
Dei har nemleg valt ein ny leiar for arbeidsutvalet. Ada Margrethe Seim tek over stafettpinnen frå tidlegare leiar Charlotte Nilsen, som no går av.
– Eg vil føre vidare det fine arbeidet Charlotte har gjort. Ho har tort å utfordre leiinga på universitetet og talt saka til studentane på ein god måte. Det er ein slik leiar eg og ønskjer å vere, seier Ada.
Eit felles USN
Ada, som kjem frå Kvinnherad i Vestland, understrekar at sjølv om ho sitt i Porsgrunn, så reise ho ofte rundt og er leiar for hele studentmassen ved USN.
Ho fortel at det nye arbeidsutvalet er særs samde om kva saker dei synest er særleg viktige:
– Vi brenn for at USN får ein felles studentidentitet. Vi vil at alle skal føle at dei er ein del av ein fellesskap, på tvers av campusane. At vi er 17 000 USN-studentar, og vi er større enn berre campusen vi studerer ved.
– Vi må byrje med å engasjere studentane. Etter kvart vil vi også at USN i større grad får til emne på tvers av fakultet og studieretningar, som innovasjon i team og undervisning på tvers av fagmiljø. Slikt gjer at ein kjenner seg større enn berre sitt eige studiekull, seier ho.
Les også: Kunnskapsministeren kom med pengegave til campus Vestfold
Klar for nye utfordringar
Når ein sitt i arbeidsutvalet i SDSN skal ein ta permisjon frå studia. Sidan jul har Ada vore politisk nestleiar i arbeidsutvalet, og no som ho tek over leiarvervet står bacheloren i barnehagelærerutdanning på vent i eit år til.
Ho gler seg til å jobbe med sakene og folka ho kjem til å møte.
– No jobbar vi mykje med høyringssvar, kvalitetssikring og forbetringar av studiemiljø. Eg har ikkje vore borti høyringar og slikt før eg kom inn i arbeidsutvalet, men det er utruleg spennande. Vi har hatt mange samtalar saman slik at vi kan komme med våre felles meiningar.
Ada seier rolla som politisk nestleiar har vore litt som skuggen til studentleiaren. Sjølv om ho kjende ei bratt læringskurve då ho byrja i det tidlegare vervet er ho no klar og førebudd på kva som ventar i det neste:
– Eg har hatt spesielt tett samarbeid med Charlotte og vi har hatt ein overlapp sidan eg kom inn i utvalet. Overgangen til leiar trur eg blir god, men eg har også store sko å fylle.
Leiaren i SDSNs arbeidsutval sit i rektors leiargruppe og er øvste studenttillitsvald på USN og øvste leiar i Studentdemokratiet.
Les også: Desse tok pris i regionmeisterskapet for studentbedrifter
– Engasjer deg
No legg Charlotte leierhatten på hylla, men ho trur at Ada kjem til å gjere ein særs god jobb no som ho tek over:
– Eg har vore så heldig å ha Ada som den politiske nestleiaren min det siste halvåret, og eg er heilt sikker på at ho kjem til å gjere ein utruleg god jobb som studentleiar. Ada er utruleg dyktig, med eit hjarte for studentane våre. Eg gler meg til å følgje med frå sidelinja det neste året. Skoa ho skal fylle kjem til å passe henne perfekt, seier avtroppande studentleiar Charlotte.
– Eg er takksam for at eg det siste året har fått høve til å representere alle USN sine studentar. Det har vore veldig intenst, men utruleg givande å vere ein del av, leggjar ho til.
Ada oppmuntrar andre studentar til å engasjere seg og til å ta kontakt med SDSN om dei har noko på hjartet.
Ho seier at ingen spørsmål er dumme og at ein kanskje vil angre seg seinare om ein ikkje tek sjansane når dei kjem.
– Eg har alltid vore engasjert, men kjende tidlegare i studieløpet at eg kanskje ikkje var moden nok til å stille til arbeidsutvalet. Eg ville framleis engasjere meg og vart campusleiar i Porsgrunn, og kjende at eg angra litt på at eg ikkje torde å gå for arbeidsutvalet. Då moglegheita kom i vinter tenkte eg at eg måtte ta han, seier ho og smiler.
Les også: Ny doktorgrad på norske fiolinar