– Eg håpar avhandlinga mi kan inspirera andre til å byggja fiolinar med andre formspråk, konstruksjonsmetodar og materialval, sa Benjamin Rygh då han forsvarte doktorgradsarbeidet sitt i samband med disputasen denne veka på Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland.
"Norskbygde fiolinar før 1850 - formspråk, konstruksjonsmetodar og materialbrukar i eit europeisk perspektiv" er namnet på doktorgradsarbeidet, som har teke Rygh nesten 11 år.
– Norske fiolinar har ikkje vore dokumenterte på ein tilfredsstillande måte tidlegare, seier Rygh.
LES OGSÅ: Med felemaking og folkemusikk som levebrød
Hacket bademøbel frå Ikea
Han har teke i bruk innovative metodar for å kartleggja instrumenta. Mellom anna ein heimelaga laserskannar, som består av eit ombygd bademøbel frå Ikea og kamera med lang lukkartid.
Med stasjonsvogna full av utstyr har han reist frå museum til museum.
Rygh har også fått tilgang på CT-skannarar for å kunna undersøkja innsida av treverket.
Undersøkingane viser at norske fiolinmakarar ikkje har kopiert europeiske førebilete, men har ein eigen signatur.
Metodikken og grannsemda fekk skryt av opponentane, rutinerte fagfolk, under disputasen.
– Den eigenutvikla analysemetoden din er heilt fantastisk innovativ, skrytte professor emeritus Gunnar Ternhag, frå Stockholms universitet.
LES OGSÅ: Historisk doktorgrad om folkemusikk
Myteomspunne og latterleg verdifulle
Benjamin Rygh har hatt perspektiv både som utøvar og handverkar, i tillegg til forskar-rolla, gjennom doktorgradsarbeidet. Dette var også tema for prøveforelesinga hans, der han også sette spørsmålsteikn ved om dei verdskjende italienske Stradivari-fiolinane faktisk er så gode. Ein slik fiolin vart selt på auksjon for spinnville 23 millionar dollar tidlegare i år.
– Det har teke litt av. Stradivari-fiolionane blir latterleg verdifulle på grunn av mytane som blir knytte til dei, sa Rygh.
Han refererte også til forskingsprosjektet The Paris Double-Blind Violin Project frå 2012, der fiolinistar skulle identifisera og velja favoritt-fiolinen sin utan å sjå, berre ved å spela.
Seks av ti valde ein ny fiolin som sin favoritt.
– Perspektivet til fiolinmakaren må vera å stadig utvikle handverket vidare, gjennom byggjeprosessen. Elles er det meiningslaust, sa Rygh.
Han meiner å sjå tendensar til ei endring.
– Frå å tenkja at fiolinmaking kulminerte med Stradivari, kan tradisjonen leve vidare gjennom det levande handverket, sa han.
LES OGSÅ: Møt Raulands nye tradisjonsmeister
Nye instrumentmakarar
Benjamin Rygh jobbar til vanleg som universitetslektor ved institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Universitetet i Søraust-Noreg (USN), campus Rauland. Her har han blant anna hatt ansvar for å byggje opp instrumenmakarlinja.
I dag er bachelorstudentane i full gong med å laga instrument. Dei tok seg ein pause i arbeidet for å vera til stades ved disputasen i ein full forelesingssal i etasjen over verkstadene.
Etter disputasen er det rett tilbake til høvelbenken. Kjetil Meberg Myhren studerer instrumentmaking og har bilete av laserskanninga frå doktorgradsarbeidet til Benjamin Rygh hengande på veggen.
– Det er eit veldig nyttig verktøy han har laga, seier studenten.
– Mykje av instrumentmakinga handlar om ei intuitiv forståing av forma, men skanninga gjer det mykje meir illustrativt, seier han og peikar på dei raude laserstrekane som viser kvelvinga på felebotnen.
Han har teke utgangspunkt i forma på ei hardingfele frå Johannes B. Tveit frå 1822 når han skal laga eksamensarbeidet sitt frå eit emne i svartor.
Myhren er også ein aktiv spelemann, og har fleire feler, både eldre og nyare. Målet er å starta opp feleverkstad i heimbyen Oslo når han er ferdig utdanna. Framleis har han to år igjen til å fordjupa seg i temaet.
– Me treng eit språk for lyd og det som skjer i instrumentet når me speler. Det opnar opp for diskusjonar og eit ope miljø der kunnskap flyt godt, seier han.
Med den nye doktorgrada har ein komme eit steg vidare med dette, meiner han.
LES OGSÅ: Vinterfestivalen: – En liten juvel!