Møt Raulands nye tradisjonsentusiast

kim sølve jacobsen på tunet i Rauland med et knippe strø fra dunkjevle
GAMLE TEKNIKKAR: Stråa frå dunkjevle kan flettast. Denne bunken hadde Kim Sølve Jacobsen ståande på kontoret, for å bruke i undervisning. Foto: Guro Danielsen/USN

Kim Sølve Jacobsen (34) har doktorgrad på løver og har jobba med reindriftsforvaltning og rovvilt i Finnmark. No har han drege tilbake til røtene.

Den nytilsette programansvarlege for studia i tradisjonskunst ved Universitetet i Sørøst-Norge campus Rauland er oppvokst i fjellbygda. Men Kim Sølve Jacobsen har vore verda rundt før han starta i den nye jobben.

I bagasjen har han ei prestisjefylt utdanning: Doktorgrad i biologi frå University of Oxford og ei master frå London School of Economics. No bur han i eit stabbur og jobbar med å vidareformidla urgamle norske tradisjonar innan tre, metall og tekstil.portrett av kim sølve jacobsen foran laftet husvegg

– Eg brenn for å halde tradisjonar levande. Det er det næraste vi kjem å faktisk reise tilbake i tid, seier Kim Sølve Jacobsen, som har forska på alt frå korgmaking til snarefangst.

Denne helga var han også konferansier på Norsk Husflids Tekstilsymposium i Skien, der mellom anna dronning Sonja var på besøk.

– Det var herleg å vere ei forsamling der ein ikkje trong å overtyde nokon om kvifor tradisjonshandverk er verd ressursane, seier Jacobsen etter arrangementet.

LES OGSÅ: Troll, vikinger og superbugs

Forskar blant løver og reinsdyr

Som ein del av doktorgrada gjorde Jacobsen feltarbeid i Zimbabwe, med brølande løver rett utanfor husveggen. Tilbake i Noreg jobba han vidare med ein annan type rovdyrproblematikk, tett på reindrifta i Finnmark.

Samanhengen er logisk når ein skjønner perspektivet Jacobsen har med seg:

– Eg har forska på korleis det menneskelege og sosiopolitiske forholdet påverkar bestanden av rovdyr, forklarer Jacobsen.

forskerteam som gjør research på løver i afrika, foran en bil

På kontoret sitt i Rauland har han hengt opp diverse gjenstandar laga med materiale frå naturen, mødesamt produsert med urgamle teknikkar. Jacobsen oppsøkjer gjerne kunnskapsrike eldre menneske rundt omkring i Noreg og utlandet for å lære. 

– Eg ønskjer å bevare kunnskapen og halde oppe den levande koplinga med tidlegare generasjonar, seier Jacobsen.

Teknikkar som er raudlista av Noregs Husflidslag, noko som betyr at dei står i fare for å bli gløymde, er av spesiell interesse. 

– Å føre vidare den linja er magisk. Teknikken tægerbinding, til dømes, har ein ubrote tradisjon heilt tilbake til Osebergskipet, fortel Jacobsen.

LES OGSÅ: Blodklubb à la Rauland, rapport fra Vinterfestivalen.

Framside-modell

Det var då han figurerte på framsida av magasinet Norsk Husflid at tradisjonskunstmiljøet på Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland, vart merksame på ressursen.Faksimile av Norsk Husflid

I magasinet vart Kim Sølve og engasjementet hans for gammalt tradisjonshandverk presentert over eit tosifra tal sider. Han viste fram urgamle spinne- og fletteteknikkar og fortalde om lidenskapen sin for sanking og sjølvberging.

Instituttleiar for tradisjonskunst og folkemusikk, Stian Roland, las intervjuet.

– Eg vart imponert og fascinert, og tanken slo meg at det er akkurat Kim Sølve sitt engasjement og særeigne kompetanse inn mot kulturarven i eit berekraftsperspektiv som er midt i blinken for utviklinga av fagfelta ved campus Rauland. Eg visste så vidt kven Kim Sølve var, så eg ringde for ein uforpliktande samtale, fortel Roland. 

I utgangspunktet sjekka han moglegheita for ei form for samarbeid, sidan Jacobsen også har sterke røter i Rauland. Så byrja snøballen å rulle, og 34-åringen enda opp med å bli tilsett som programansvarleg. 

– Det freista veldig å jobbe med hobbyen min, seier Jacobsen.

LES OGSÅ: Profilerte musikarar blir lærarar ved USN Rauland.

Aukande fokus på økologi

34-åringen held også kurs i korleis ein kan overleve på ting du finn i naturen. Har han litt fritid, dreg han gjerne på tur med venner i fleire dagar, utan å ha med mat. 

– Då klarer vi oss utelukkande på det vi finn i naturen. Det går kjempebra! seier han.skjermbilde fra instagram, viser tægeteknikk og verktøy

Jacobsen har merka korleis interessa for tradisjonar og ikkje minst sanking har auka dei siste åra. Oppmøtet på kurset han held er overraskande høgt.

– Det kan nok forklarast med ein kombinasjon av meir miljøfokus, ein ustabil verdssituasjon og ei generell aukande forståing for økologi og kvar maten vår kjem frå, trur Jacobsen.

På profilen @villmatsliv kan du sjå meir av det Kim Sølve driv med. 

No dreg han tilbake til Rauland med ferske inntrykk frå helgas Tekstilsymposium med tema "raudlista –  vår tekstile kulturarv", eit tema han brenn for. Det er slett ikke usannsynleg at han kjem heim med nok ein ny hobby. 

LES OGSÅ: Blomstereng, flaggermus og lupiner på pensum.