Sidan august har klassen frå Inspiro-linja vore på campus Drammen til Universitetet i Søraust-Noreg (USN) ein gong i veka. Her har dei følgt forelesingar i eit stort auditorium saman med førsteårs bachelorstudentar i økonomi og leiing og visuell kommunikasjon.
Rundt 180 i eit auditorium er ganske annleis enn klassen dei er vand til å vera i.
– Eg merkar at her må du vera mykje meir sjølvstendig. På vidaregåande får me tilbakemeldingar heile tida, men det får me ikkje her. Så då må du berre læra deg å jobba sjølv, og finna nye studiemetodar. Men me sit jo saman med klassen vår, og folk som me er trygge på. Og det er ein stor fordel, seier elev Nikolay Hunsrød.
Medelev Caroline Mo fortel at dei har oppfølgingstimar når dei er tilbake på skolen igjen etter forelesing.
– Så om me kanskje ikkje plukka opp heilt kva forelesaren sa, eller skjønte alt, så kan me alltid ta det opp etterpå med læraren vår.
LES ÒG: Trine Lise er Nordens første kvinnelige Donald-tegner
På nivå med studentane
I desember skal dei 27 videregåande skole-elevane også gjennom ein universitetseksamen i faget, og denne er ganske annleis enn eksamen på vidaregåande.
– Me skal ha skriftleg eksamen utan hjelpemiddel. Så no får me jo oppleva korleis ein eksamen på eit universitet går føre seg, seier Caroline.
– Har de fått eit anna syn på det å ta høgare utdanning i løpet av denne tida de har vore her?
– Det har vorte mykje mindre skummelt. No veit me litt meir om kva me går til.
Utdanningsprogrammet Inspiro har programfag innanfor entreprenørskap og bedriftsutvikling, marknadsføring og leiing, medieproduksjon og drama.
Elevane kjende derfor godt til marknadsføringsfaget før dei møtte til forelesingane på USN, og det merkar førsteamanuensis Birger Opstad, som er ansvarleg for emnet.
Han bruker mentimeter som ein del av undervisninga (toveis-kommunikasjon ved hjelp av mobilen, med moglegheit for mellom anna avstemmingar). Opstad seier mange av spørsmåla ikkje har eit fasitsvar, og meiner svara frå Inspiro-elevane i mange samanhengar har vore på nivå med USNs eigne tredjeårsstudentar i marknadsføring.
– Det kjem nok av at dei har hatt marknadsføring på skolen.
Oppstad er også visedekan for utdanning ved USN Handelshøgskolen. Han trur desse elevane vil få ein mjukare overgang til høgare utdanning dersom dei vel å bli studentar på USN eller ved eit anna universitet eller høgskole.
– Det er mange inntrykk og mykje informasjon for ein 19-åring som møtte til første studiedag i august. Det er kanskje også første gong dei sit saman med 200 andre på forelesing. Desse elevane får ei mjuk tilvenning, og eg trur det blir lettare for dei å ta til seg den informasjonen som dei treng, om dei vel å studera. Pluss at dei kanskje har fått litt ekstra sjølvtillit etter å ha vore her denne hausten.
LES ÒG: Elever vil ikke la ChatGPT gjøre hele jobben for seg
Bra, også for lærarane
Hege Medhus er ein av lærarane i marknadsføring på Inspiro-linja. Ho vel å vera med elevane på alle forelesingane, og trur noko av det aller viktigaste er at elevane får oppleva meistringskjensle i eit universitetsfag.
– Eg har opplevd dette som kjempepositivt, og eg trur ingen av elevane er skremde av det å skulla studera. Faktisk trur eg mange i denne klassen kjem til å gå vidare med høgare utdanning, fordi dei ser at dette kan dei klare. Mange av dei var engstelege for å vera i ei forelesing med så mange, men så opplever dei å ha bra fagkunnskap sjølv, og at det ikkje er noko skummelt.
Medhus trur det er nyttig for elevane å bli introdusert for ein annan måte å læra på.
– På skolen har me ein mykje meir praktisk tilnærming til marknadsføringsfaget, men når du skal ta høgare utdanning så må du vera innstilt på at forelesing er ein vanleg undervisningsmetode.
Eit mål med universitetsskoleavtalane er at også tilsette ved USN og på skolane skal ha utbytte av dei. Hege Medhus seier forelesingane på campus Drammen ofte resulterer i faglege diskusjonar i lærarkollegiet etterpå.
– Nokre gonger sit me og diskuterer kvifor Birger vel ei tilnærming som kanskje er annleis enn vår eigen. Eg trur me får utvida vårt eige perspektiv på faget, og at me ser ting på ein annan måte. Det er jo noko av det som er gøy med marknadsføringsfaget, at det ikkje finst nokon fasit.