EDUC – for vitskapleg tilsette

Undervisinga og forskinga di er ikkje avgrensa til berre eitt universitet.

EDUC gjer det mogleg for undervisarar og forskarar å byggje nettverk og utveksle kunnskap på tvers av Europa, dele ressursar og nå ut til eit europeisk publikum.

Ved å fokusere på innovative nettkurs og kurs med blanda læringsmetodar, gjev EDUC mange nye høve for deling og nettverksbygging. 

  • Auk rekkevidda til forelesingane, seminara eller språkkursa dine. 
  • Opplev intereuropeisk utveksling i førelesingssalen eller på laben.
  • Skap eit sterk vitskapleg fellesskap for å ta fatt på dagens problemstillingar saman.

Academic staff: EDUC Alliance – Access the European community

Bygg eigen kompetanse med digitale kurs

I EDUCs kurskatalog EDUCs kurskatalog (educalliance.eu) kan du søkje på aktuelle kurs og filtrere for ulike målgrupper, som «Researcher», «Teachers» «Postdocs» og «PhD». 

Kurskatalogen blir oppdatert med nye kurs gjennom året, så sjekk  innom igjen om du ikkje finn noko relevant denne gongen.

Bland godbitane i kursmangfaldet er «Introduction to Science Communication», der våre professorer Jan Erik Grindheim og Helle K. Falkenberg bidrar med foredrag om høvesvis Science and Media + Communicating Science in Social Contexts og Enhancing your Science Communication: Harnessing the Power of Facebook and LinkedIn. Dette kurset er tilgjengeleg ut mai 2025.

EDUC WIDE
  • er forskings- og innovasjonsdelen av EDUC
  • tar i bruk verktøy som skal forsterke tverrfagleg samforsking
  • utforskar måtar å eskalere teknologioverføringa på innan ulike område, frå IKT til samfunnsvitskap og humaniora
  • jobbar med ein langsiktig plan som tek opp sentrale, globale utfordringar
  • skal sjå til at borgarar, særleg ungdom, blir engasjert i vitskap
  • gjev næring til entreprenørielle tankesett blant studentar og forskarar
  • er finansiert gjennom the European Excellence Initiative (EEI) og følgjer Horizon Europe-finansieringa, som gjorde EDUC-alliansens forskings- og innovasjonspilot, EDUC-SHARE, mogleg

Tilsette kan lese meir om EDUC-WIDE på min.usn.no

Virtuell mobilitet

 

  • EDUC skal utvikle virtuelle emne/kurs som skal undervisast nettbasert frå og med 2024
  • Fagtilbodet skal utviklast i samarbeid mellom fagmiljø ved dei ulike universiteta, og USN er ein del av dette
  • Våren 2023 blir det utarbeidd eit rammeverk for utvikling av emne/kurs
  • Hausten 2023 kom den fyrste utlysinga der vitskapleg tilsette kunne søkje om å utvikle emne/kurs gjennom ordninga. 
  • Tilsette på USN kan lese meir på vårt intranett: Samarbeidskurs med virtuell mobilitet/utveksling (VM/VE)
Internasjonalisering av studieprogramma
  • EDUC skal utvikle eigne tiltak for internasjonalisering av studieprogramma. Ein del av dette vil vere: gjesteforelesingar, undervisning på engelsk, prosjektsamarbeid mellom studentar på tvers av institusjonane, internasjonale problemstillingar i pensum og so bortetter.
  • Våren 2023 blir det utarbeidd eit rammeverk for utvikling av internasjonaliseringskomponentar i programma.
  • Hausten 2023 kjem ei utlysing for vitskaplege tilsette, kor ein kan søkje om å utvikle internasjonalisering i eige studieprogram gjennom ei ordning.

Tilsette kan lese meir om internasjonalisering av studieprogram og kople seg på via vårt intranett (min.usn.no/educ) 

Dobbelt- og fellesgrader
  • EDUC skal støtte opp om utvikling av dobbelt- og fellesgrader innanfor alliansen.
  • Det skal utviklast felles rammer og rutinar for dobbelt- og fellesgrader for EDUC.
Forskingsbasert undervisning
  • Det er utvikla eit eige emne i forskingsbasert metode og vitskapsteori for bachelorstudentar, som blir undervisast delvis nettbasert og delvis med fysisk mobilitet, for studentar frå alle åtte partnarinstitusjonane: Initiation to Research (courses.educalliance.eu)
  • Det er utvikla midlertidig tilsetting i forskarstillingar (forskningspraktikant/internship) for bachelor- og masterstudentar: 
  • Kvar av de åtte EDUC-universiteta arrangerer minst éin forskarsommarskole med blanda undervising (engelsk: blended learning) i 2024, 25 eller 26 for ph.d.-studentar. Tilsette kan lese meir om dette her: Vil ditt fagmiljø arrangere internasjonal forskersommerskole? (min.usn.no)
Studentpraktikant (internship)

Det er utvikla felles ordninger for studentar på tvers av alliansen. Bachelor- og masterstudentar kan reise ut, og USN, med partnarbedrifter, vil få studentar frå dei andre universiteta.

Tilsette kan lese meir og melde si interesseher: Ta imot ein studentpraktikant frå EDUC  (krever innlogging)

Entreprenørskapsutdanningar

Det blir jobba med eit felles rammeverk for entreprenørskaputdanningar på ph.d.-nivå. Her kjem det meir informasjon etter kvart.

Staff Weeks / tilsettmobilitet

EDUC arrangerer jamnleg tematiske «staff weeks» berekna på ulike grupper av tilsette, på tvers av dei åtte universiteta. Målsetjinga er å skape nettverk på tvers og lære av kvarandre.

Dette inneber fysisk mobilitet til partnarane og blir støtta gjennom Erasmus+ sitt stipend for tilsettmobilitet.

Oversikt over kommande «Staff Weeks»: EDUC Alliance (educalliance.eu)

Verda di vart akkurat større.