Studieførebuande veker er eit tilbod om eit tre vekers kurs til potensielle studentar som har behov for å testa ut om høgare utdanning er aktuelt. Kurset er eit samarbeid mellom Nav og USN.
På dette kurset vil vi orientera om ulike utdanningsmoglegheiter og særleg bachelorutdanningane. Vi orienterer om innhald, studie- og emneplan og generelt om korleis utdanningane er bygd opp. Vi prøver å gi eit realistisk bilete av korleis det er å vera student, og snakkar mykje om forventningar som blir stilte til studentane.
Her vil du møta andre som vurderer om kompetanseheving er ein rett veg akkurat no. Du må ha generell studiekompetanse for å kunna søkja opptak til studia våre. Søkjarar som er svært nær på å fullføra generell studiekompetanse kan også bli vurdert til plass på kurset.
Du vil få masse informasjon, ulike arbeidsoppgåver og rettleiing både individuelt og i gruppe. Du vil møta andre som har gjennomført kursa tidlegare som vil fortelja om erfaringane sine.
Vi har fått hyggjelege tilbakemeldingar frå deltakarar på tidlegare gjennomførte kurs.
Kunne dette vera aktuelt for deg? Ta kontakt med din Nav-rettleiar.
Håpar å sjå deg!