Bachelor i tradisjonskunst: instrumentmaking, tre-, metall- eller tekstilhandverk
Er du interessert i kunst, handverk og tradisjonar? Bachelor i tradisjonskunst er eit treårig heiltidsstudium på USN Rauland. Du lærer tradisjonshandverk og vel sjølv om du vil arbeide med instrumentmaking, tre, metall eller tekstil.
Bachelor i tradisjonskunst: instrumentmaking, tre-, metall- eller tekstilhandverk
Du søker nå:
Rauland
Heltid
Lurt å ha klart før du går videre:
- Søkekode: 222 442
Kopier koden så det blir lettere å finne igjen studiet i neste steg. Koden er kopiert
Minn meg på søknadsfrist
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Utdanningstype: Bachelor -
Progresjon: Heltid -
Oppstart: Høst 2027 -
Studieopplegg: På campus -
Studiepoeng: 180 -
Søknadsfrist: 15.04.2027 -
Søkekode: 222 442 -
Antall semester: 6 -
Undervisningsspråk: Norsk -
Antall studieplasser: 15
Kvifor studere tradisjonskunst?
Tradisjonskunst passar for deg som:
- likar å lage ting med hendene
- er nysgjerrig på korleis folk har laga gjenstandar før
- vil ta vare på kulturarven og føre han vidare
- kan tenkje deg å formidle handverket til andre
Studiet passar både rett frå vidaregåande og etter jobb, militæret, folkehøgskule eller eit friår.
Du får tett oppfølging gjennom alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste fagpersonane innan tradisjonskunstfeltet i Noreg og Norden.
Kva lærer du?
På tradisjonskunst lærer du gamle handverksteknikkar og korleis du kan bruke dei i eige skapande arbeid. Du vel å fordjupe deg i eitt av materialområda
- instrumentmaking
- tre
- metall
- tekstil
Det meste av tida jobbar du i verkstaden, teori og praksis heng tett saman.
Kjerneområda i studiet er:
Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap:
- Praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping
- tradisjonelle handverksteknikkar og materialkunnskap
- utøving og skaping innan valt materialområde
- formidling og utstillingsarbeid
- tradisjonskunstens eigenart og formspråk
- materiell og immateriell kulturarv og deira gjensidige relasjon
Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv. Studiet fokuserar på ei heilskapleg forståing av:
- tradisjonskunst
- økologi
- samfunn
- etiske problemstillingar
Den utøvande/praktiske sida blir vektlagt. Studiet skal gje studenten innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Her vel du sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.
Praksis og kontakt med arbeidslivet
På tradisjonskunst er du ute i praksis i kortare periodar i tredje semester. I fjerde eller sjette semester kan du velje eit valemne med internship. Då er du utplassert i ein lengre periode og får erfaring frå arbeidslivet.
Underveis i studiet møter du arbeidslivet gjennom
- kortare utplasseringar
- studieturar
- gjestelærarar frå fagfeltet
- internship i Noreg eller i utlandet
Vil du starte eiga bedrift, kan du velje valemnet kulturbasert næring.
Kva kan du jobbe med etter bachelor i tradisjonskunst?
Med tradisjonskunst kan du jobbe som handverkar med eiga bedrift, med formidling eller i museum og kulturforvaltning. Kva du endar opp med, heng saman med korleis du formar studiet ditt gjennom fordjuping og prosjektarbeid. Typiske arbeidsområde er :
- tradisjonskunstnar eller handverkar med eiga bedrift
- formidling og pedagogisk arbeid
- forsking
- museums- og arkivarbeid
- kulturforvaltning i kommune og fylke
- organisasjonsarbeid
– Jeg merker at interessen for smykker med historiske røtter er økende, så jeg tror det er en god tid å satse på yrker som har rot i tradisjon og håndverk.
Studentliv ved USN Rauland
Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som:
- danseklubb
- spikkeklubb
- huskonsertar
- klatring
- brettspelkveldar
- handverkskveldar
- hardingfelegruppe
- studentpub kvar onsdag
Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus.
«Ingen vel Rauland tilfeldig, derfor er det både motiverande og inspirerande å studere her. Vi har eit inkluderande og unikt miljø.»
Sigurd Skjevik, student på USN Rauland
Hva kan du studere vidare?
Etter bachelor i tradisjonskunst kan du søkje master i tradisjonskunst og andre kulturrelaterte masterstudium.
Med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) blir du kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, kulturskule, vidaregåande skule, folkehøgskule og for vaksenopplæring. Du kan også få godkjent eit år av bachelorgraden inn ei grunnskulelærarutdanning.
Har du allereie gjennomført to år med folkekunst og ynskjer å fullføre din bachelorgrad, kan du ta direkte kontakt med instituttet i Rauland på e-post.
Skaff deg internasjonal erfaring
USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Vi har også ulike internasjonale partnaravtaler som har relevante utvekslingstilbod for deg som student om du ønsker å fortsette på bachelorstudiet.
Studieplan og emneplaner
Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.
Studiemodell
Opptakskrav
-
Generell studiekompetanse
Er du utøvande kunstnar og mangler generell studiekompetanse? Du må dokumentere spesielle faglege evner på høgt nivå nasjonalt/internasjonalt.
Poenggrenser ved forrige opptak:
Heltid
Les mer om ordinær kvote.
Heltid
Les mer om førstegangsvitnemål.