USN-blues på EDUC-ball

tre unge menn i musikkstudio
I STUDIO: Bandet DEAL i Duke Studio på Notodden 2025. Fra venstre: Eskil Boyesen Molde, Anders Sæther og Alexander Årnes Østby. (Foto: Guro Danielsen, USN)

Bandet DEAL fann saman på USNs blues og americana-studium på Notodden. No skal dei på scena under det årlege ballet til vår tyske EDUC-partnar, Universitetet i Potsdam.

Bandet DEAL vart danna i 2022, etter at bandmedlemmene møttest på blues og americana-studiet på USN.

Sidan då har dei utvikla eit tett samspel og eit musikalsk uttrykk som kombinerer americana, blues og roots, med tydeleg fokus på live-formidling og publikumskontakt. 

Bandet er no i ferd med å ferdigstille debut-EP-en sin, med singelslepp planlagt våren 2026 og turné i USA til hausten. Men først går turen til Potsdam for å spela for sirka 600-700 gjestar på ballet til USNs alliansepartnar, Universitet i Potsdam.

– Å ta bandet vårt utanlands og få spele for eit akademisk publikum med fleire hundre fjonge ballgjester kjenst som ein draum. Vi gler oss veldig til stemninga og til å møte folk frå heile Europa i ei heilt spesiell ramme, seier vokalist og gitarist Alexander Årnes Østbye i DEAL.

Han reiser til Potsdam saman med Eskil Boyesen Molde og Anders Sæther. Alle dei tre spelar både elektrisk og akustisk gitar, og Eskil spelar i tillegg mandolin. Alexander og Eskil deler på å vere hovudvokalistar, medan alle tre bidreg med kor og tette harmoniar.

DEAL

Levandegjort samarbeid

Universitetet i Potsdam (UP) og USN er nære allierte gjennom den europeiske universitetsalliansen EDUC – European Digital UniverCity.

Kvart år held den tyske EDUC-partnaren UP eit universitetsball, som samlar studentar og tilsette til ein kveld med musikk, dans og fellesskap. Arrangementet finn stad på deira Campus Griebnitzsee 14. februar 2026.

Dette året blir festen og det musikalske programmet lagt opp med eit europeisk preg, med mat, drikke og musikk frå partnarane i EDUC-alliansen.

Dancing Univercity. University Ball, Saturday February 14, 2026, Griebnitzsee campus. plakat

Stephan Hamberg, FotoÅrets tema er «European Dancing UniverCity», ein sprekleg flørt med alliansenamnet, kor  «Digital» er bytta med «Dancing»

– Universitetsballet i Potsdam viser korleis utdanning, kunst og internasjonalt samarbeid heng tett saman. Når USN bidreg med musikk frå scena, blir samarbeidet konkret og levande. Slike møte styrkjer relasjonar og minner oss om kvifor europeisk samarbeid i utdanning er så viktig, seier USNs viserektor Stephan Hamberg, som er USNs representant i EDUCs styringskomite.

Han reiser i lag med rektor Pia Bing-Jonsson.

Espen Fjelle. FotoOpe utstillingsvindauge

– Dette utstillingsvindauget av ein konsert er eit veldig godt døme på korleis studia våre kan opne dører langt utover undervisingsromma, seier Espen Fjelle, leiar for USNs Blues-studium, som reiser saman med bandet – med uoffisielle mentor- og roadie-oppgåver på kjøpet.

Fjelle reiser med bandet og gler seg til å stilne nysgjerrigheita til balldeltakarar når det gjeld DEAL og USN, det einaste universitet i Europa som tilbyr praktisk utdanning med studiepoeng i blues- og americana.

Heidi T. Knutsen– At DEAL spelar på universitetsballet i Potsdam, løftar fram både blues-studiet og universitetet sitt arbeid med internasjonalisering gjennom EDUC-alliansen. Musikken blir på denne måten ein del av eit breiare samarbeid som handlar om mobilitet, kulturutveksling og felles europeiske læringsarenaer, seier Heidi Tovsrud Knutsen, institusjonell koordinator for EDUC på USN.

Lurer du på noe om EDUC?