Kritisk literacy i ei digital og global tekstverd (CritLit)

ungdomsskoleelever diskuterer

I dette forskingsprosjektet har norsklærarar og forskarar gjennom fleire år samarbeidd om å utvikle metodar som kan ruste ungdomsskuleelevar til å bli kritiske lesarar, skrivarar og tekstskaparar. CritLit-prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd.

Dagens globale og digitale tekstverd krev at vi alle møter tekstane i kvardagen med kritisk medvit og kunnskap om korleis tekstar kan påverke gjennom bruk av teknologi, språklege og visuelle verkemiddel, samt ved uklåre grenser mellom kommersielle og ikkje-kommersielle tekstar.

Ny posisjon for kritisk tenking i skulen

I den norske læreplan LK20 står kritisk tenking sentralt, og «kritisk tilnærming til tekst» er eit kjerneelement i norskfaget. Samstundes finst det framleis for lite forskingsbasert kunnskap om korleis vi kan styrkje den kritiske tekstkompetansen til elevane, både når det gjeld lesing, vurdering og tekstskaping. Dette er bakgrunnen for prosjektet Kritisk literacy i ei digital og global tekstverd (CritLit). Det overordna målet med CritLit-prosjektet har vore å utvikle arbeidsmåtar og læringsverktøy som kan styrkje den kritiske tekstkompetansen til elevar på ungdomstrinnet.

Sjå òg CritLit si prosjektside hjå Noregs forskingsråd: Critical Literacy in a Digital and Global Textual World - Prosjektbanken (forskningsradet.no)

Samarbeid og kompetanseutvikling

Arbeidet i CritLit-prosjektet har vore organisert i tre steg: I den første fasen kartla forskarane korleis arbeidet med kritisk tilnærming til tekst går føre seg i skulen i dag, og korleis elevar praktiserer kritiske tilnærmingar som del av skulearbeidet. I den andre fasen blei dei gjort intervenerande utvikling og utprøvingar av nye arbeidsmåtar og læringsverktøy i klasserommet ved dei dei 6 skulane som deltok i prosjektet. I den siste fasen er utbytet til elevar og lærarar som deltok i prosjektet blitt evaluert. Basert på den forskingsbaserte kunnskapen og erfaringane frå CritLit-prosjektet, er det utvikla ein læringsressurs til fri bruk for lærarar, Tekstkritisk.no

Resultata frå CritLit-prosjektet (sjå publikasjonsliste nedanfor) gir eit sterkare forskingsbasert grunnlag for å vidareutvikle arbeidet med kritisk literacy, både i skulen og i lærarutdanninga. Samarbeidet mellom lærarar og forskarar som blei etablert i prosjektet, har også medverka til å styrke samarbeidet mellom skular og lærarutdanningar, gjennom gjensidig kompetanseutveksling og utvikling.

Internasjonalt

USN er prosjekteigar, med Universitetet i Agder (UiA) og Australian Catholic University (ACU) som partnarar. Forskarar ved USN og UiA har samarbeidd med lærarar i sine regionar. I tillegg har ein forskar frå Institute for Learning Sciences & Teacher Education, ACU, bidratt med røynsler frå internasjonal forsking og pedagogisk praksis innan kritisk literacy.

Publikasjonar

 

CritLit Logo

Om CritLit-prosjektet

Kontakt: prosjektleiar Aslaug Veum

Støtte: Noregs forskingsråd (NFR) har bevilget ca ti millionar kroner for prosjektperioden 2020 til medio 2024. (pfd)

Prosjektside hjå Noregs forskingsråd: Critical Literacy in a Digital and Global Textual World - Prosjektbanken (forskningsradet.no)

Samarbeidsprosjekt: CritLit er eit samarbeid mellom forskingsmiljø ved fleire institusjonar og fleire ungdomsskular.

Føremål: Prosjektet skal utvikle ny kunnskap og byggje forskingskompetanse som trengst for å møte viktige utfordringar i samfunnet.

Forskarane i prosjektet:

Prosjektpartnarar:

  • Universitetet i Søraust-Noreg (prosjekteigar)
  • Universitetet i Agder
  • Australian Catholic University

Samarbeidspartnarar:

  • seks ungdomsskular i Vestfold og Agder
  • ti studentar på grunnskolelærerutdanninga, master i norsk, ved Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Agder