Dagens globale og digitale tekstverd krev at ein i aukande grad er kritisk medviten om tekstane ein har å gjere med, og om korleis tekstar skapar verkelegheitsbilde, om kjeldebruk og uklåre grenser mellom kommersielle og ikkje-kommersielle tekstar.
Ny posisjon for kritisk tenking i skulen
I den nye læreplanen for skulen er kritisk tenking sentralt, og «kritisk tilnærming til tekst» er nå eit kjerneelement i norskfaget. Samstundes har me for lite forskingsbasert kunnskap om korleis me kan styrkje den kritiske lese- og skrivedugleiken til eleven. Dette er bakgrunnen for prosjektet Kritisk literacy i ei digital og global tekstverd (CritLit).
Det overordna målet med CritLit-prosjektet er å kartleggje og utvikle arbeidsmåtar og læringsverktøy som kan styrkje den kritiske tekstkompetansen til elevane.
Meir om målsetjingar:
- identifisere noverende undervisningspraksisar knytte til korleis og i kva grad kritiske tilnærmingar er inkluderte i ungdomsskulen (norskfaget)
- utvikle pedagogiske modellar og læringsverktøy for kritisk literacy i ungdomsskulen (i norskfaget)
- generere ny forskingsbasert kunnskap om kritisk literacy i digitale kontekstar, og implementere denne kunnskapen i ungdomsskulen og lærarutdanninga
- medverke til å implementere og konkretisere sentrale omgrep i den nye læreplanen som blir innført i norsk skule frå hausten 2020
Sjå òg CritLit si prosjektside hjå Noregs forskingsråd: Critical Literacy in a Digital and Global Textual World - Prosjektbanken (forskningsradet.no)
Samarbeid og kompetanseutvikling
Første fase i prosjektet vil kartleggje korleis arbeidet med kritisk lesing og tekstskaping går føre seg i skulen i dag, og korleis elevar praktiserer kritiske tilnærmingar som del av skulearbeidet.
Den andre fasen handlar om å utvikle og prøve ut nye arbeidsmåtar og læringsverktøy.
I den siste fasen skal ein vurdere læringsutbytet til elevane som har teke del i prosjektet, og korleis arbeidet har vore med på å utvikle praksis i skulane og i lærarutdanninga.
Resultata frå CritLit-prosjektet vil gje eit sterkare forskingsbasert grunnlag for å utvikle arbeidet med kritisk literacy i ungdomsskulen og i lærarutdanninga. Det vil også styrkje samarbeidet mellom skular og lærarutdanningar, og gje gjensidig kompetanseutvikling.
Internasjonalt
USN er prosjekteigar, med Universitetet i Agder (UiA) og Australian Catholic University (ACU) som partnarar.
Forskarar ved USN og UiA skal samarbeide med praksislærarar og lærarstudentar i sine regionar. I tillegg vil ein forskar frå Institute for Learning Sciences & Teacher Education, ACU, bidra med røynsler frå internasjonal forsking og pedagogisk praksis innan kritisk literacy.