Åttandeklassingar forstår kritisk lesing mest som kjeldekritikk

gutt ligg og les på eit nettbrett. foto
- Me har lite forskingsbasert kunnskap om korleis me kan styrkje den kritiske lese- og skrivedugleiken til eleven, sier professor Aslaug Veum.

Forskarar har undersøkte korleis elevar i norskfaget på 8. trinn les og vurderer samansette kommersielle tekstar.

I den nye læreplanen for skolen er kritisk tenking sentralt, og kritisk tilnærming til tekst er no eit kjerneelement i norskfaget.

– Kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming, kan variere i ulike fag i skulen. I norskfaget er vi særleg opptatt av at dagens globale og digitale tekstverd krev kritisk medvit i tilnærminga til dei tekstane ein omgir seg med, korleis tekstar skaper verkelegheitsbilde, kjeldebruk og uklåre grenser mellom kommersielle og ikkje-kommersielle tekstar, forklarer professor Aslaug Veum.

Ho leiar forskingsprosjektet Kritisk literacy i ei digital og global tekstverd (CritLit), som får støtte frå Noregs forskingsråd for å levere forskingsbasert kunnskap om korleis me kan styrkje den kritiske lese- og skrivedugleiken til elevar i norsk skole. Prosjektet involverer forskarar frå Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Agder.

Nyleg publiserte forskarane ein vitskapeleg artikkel som presenterer funn frå ei spørjeundersøking om kritisk lesing. Undersøkinga omfattar eit utval på 228 norske elevar på åttande trinn (13–14 år gamle).

Studien undersøkjer både kva oppfatningar om kritisk lesing elevane formidlar og korleis dei vurderer og grunngjev lesinga si av multimodale kommersielle tekstar – altså tekstar som er sett saman av ulike uttrykksformer, som verbalspråk, bilete, lyd og rørsle, og som marknadsfører eit produkt eller ei teneste.

Avgrensa oppfatning hos elevane

Eit hovudfunn i studien er at forståinga av kritisk lesing som kjeldekritikk er mest utbreidd blant elevane.

– Ein stor del av elevane har såleis ei rimeleg, men avgrensa oppfatning av kva det vil seie å nærme seg ein tekst på ein kritisk måte. Elevane forbind i mindre grad kritisk lesing med det å nærme seg teksten på ein analytisk måte kor ein analyserer både samanhengen, oppbygginga av teksten og korleis språklege og visuelle verkemiddel blir nytta til å skape verkelegheitsbilde og påverke mottakaren, seier Veum.

Nedprioriterer visuell informasjon

Eit anna hovudfunn er at ein del elevar har utfordringar med å vurdere kommersielle og multimodale tekstar som har ei informerande framstillingsform.

– Svara vi har fått, tyder blant anna på at elevar i for liten grad legg vekt på informasjon som blir formidla visuelt, fortel Veum.

Studien viser elles at fleire elevar problematiserer den kommersielle intensjonen i tekstane når dei blir oppmoda til å gjere tekstnære tilnærmingar.

Tekstnære metodar inneber at elevane blir utfordra til å vurdere språklege og visuelle framstillingsmåtar i teksten og sjå desse i samanheng med kva interesserer tekstskaparen kan ha.

Treng nye metodar

Forskarane meiner funna i studien peikar mot at det kan vere behov for å etablere ei utvida forståing av kva kritisk tekstkompetanse kan vere i norskfaget.

Det kan òg vere behov for å utvikle nye og meir tekstnære metodar for korleis elevane kan arbeide med kritisk tilnærming til multimodale kvardagstekstar av ulike slag.

Referanse
Aslaug Veum mfl.: Kritisk tekstkompetanse i norskfaget: Korleis elevar på 8. trinn les og vurderer multimodale kommersielle tekstar. Acta Didactica Norden (uio.no), 2022. Doi.org/10.5617/adno.8992