Brukar sommarvarmen på å lære matte

To års mattepensum skal bli lært på fire veker.
To års mattepensum skal bli lært på fire veker.

Forkurset i matte på studiestad Notodden har samla 50 deltakarar. Dei skal lære toårig mattepensum frå vidaregåande skule på fire veker.

Forkurset i matte er eit tilbod for dei som ønskjer å ta grunnskulelærar- eller femårig lektorutdanning, men som ikkje oppfyller karakterkravet 4 i matematikk. For å kome inn på forkurset må deltakarne ha karaktersnitt på tre i matematikk. Universitetslektor Bjørn Lauritzen fortel at deltakarane er engasjerte og motiverte.

- Det er eit vanskeleg kurs, så dette kan vera ei sjokkarta oppleving for deltakarne når dei ser kor intensivt dette er, seier Lauritzen.

Bjørn Lauritzen underviser her i vekstfaktor. - Om ingenting anna funkar; Bruk hovudet, oppfordrar han.

Fridom under eiget ansvar

Kurset er vanskeleg å kombinere med sommarjobb og deltakarane må motstå freistingar som å reise på stranda.

- Her er det bare å kjøpe bøkene og gje full innsats frå fyrste dag, seier Lauritzen.

Det er stor overgang frå vidaregåande skule til å vera student.

- Dette er ein annan kvardag enn på vidaregåande skule. Nå er det snakk om fridom under eiget ansvar, seier universitetslektoren ved Institutt for mattematikk og naturfag.

Kravet til at lærarstudentar må ha karakteren fire i mattematikk frå vidaregåande skule trådde i kraft for tre år sidan. Lauritzen har heldt tilsvarande kurs to gonger tidlegare.

Forkurset er aktuelt ved opptak til følgande utdanningar:

Alle i same båt

Kristian Cooper Søyland, Kristoffer Berge, Vanessa Sunnset og Tonje Halvorsen er flittige deltakarar på forkurset i matematikk.

Vanessa Sunnset frå Hønefoss, Kristoffer Berge frå Tønsberg, Tonje Halvorsen frå Sandefjord og Kristian Cooper Søyland frå Bærum er blant deltakarne på forkurset. Dei er svært nøgde med å bruke juli månad på mattepugging.

- På forkurset får me både inspirasjon og motivasjon, seier Berge.

Sunnset skyt inn at det er stor variasjon i alder på dei som deltek på kurset.

- Me har eit ekstra driv til å lære oss matte når me har valt å ta kurset sjølve. Trass i at det er 30 varmegrader ute, seier ho.

- Alle er i same båt, avsluttar Halvorsen