Kva kan Studentombodet gjere?
- Lytte til bekymringar, problem og tvistar
- Forklare regelverk, retningslinjer og prosedyrar
- Gje råd om korleis du bør gå fram vidare i di sak
- Vise deg til dei rette instansane
- Lette kommunikasjonen og fremme dialog mellom partane i konflikten. Ombodet kan òg mekle i konfliktsaker om det er ønskeleg og hensiktsmessig
- Hjelpe til med å finne ut av byråkratiske prosessar, som til dømes utforming av klage eller framgangsmåten i dugleikssaker
- Følge opp saken din for deg
- Anbefale endringar i USNs regelverk og prosedyrar for saksbehandling
- Rapportere til USNs styre om større problemstillingar og tendensar
Kva kan Studentombodet ikkje gjere?
- Ta avgjerder i saker eller endre USNs praksis
- Ta parti eller bestemme utfall for ei sak
- Fortelje nokon kva dei skal gjere (/bestemme over andre)
- Fungere som ein advokat i juridiske prosedyrar, som til dømes erstatningssaker
- Føreta undersøkingar uten at studenten ønsker det. Studentombodet har berre tilgang på dokumentasjon som ho enten har fått av studenten sjølv eller som er offentleg tilgjengeleg.
- Skrive formelle klagar (men Studentombodet kan sjå gjennom det du har skrivet og gje forslag til betringar)