Kva skjer når du kontaktar Studentombodet?

Ønsker du hjelp av Studentombodet?

Om du ønsker hjelp frå Studentombodet i din situasjon, er det fint om du brukar nettskjemaet eller sender ein e-post til studentombud@usn.no med kort informasjon om;

  • din situasjon/ditt problem (kva som er skjedd og problemstilling)
  • andre (medstudentar, tillitsvalgde, rådgjevarar e.l.) du eventuelt har vore i kontakt med og kva desse meiner om saken
  • kva regler du meiner er gjeldande (om du veit det/har nokon meining om det), og
  • kva du ønsker at Studentombodet skal hjelpe deg med

Når skjema er sendt inn/mailen er motteke vil Studentombodet sjå på saken og eventuelt be om tilleggsopplysingar om det er nødvendig. Studentombodet vil så vurdere om saken er innanfor sitt mandat. I så fall vil Studentombodet kontakte deg og gje deg ei tilbakemelding på berekna saksbehandlingstid, i motsett fall vil du få eit avslag med grunngjeving dersom saken er utanfor mandatet.

Dersom du føretrekker å ringe, kan du kontakte Studentombodet på mobiltelefonnummer 948 15 903. Nokre gongar kan saker løysast over telefon, men i mange saker vil det vere nødvendig å ettersende informasjon skriftleg. Dette avtalast eventuelt under samtale.

Studentar kan òg ved behov be om eit fysisk møte med Studentombodet, dette avtales via mail eller telefon.

NB! Å kontakte Studentombodet er ikkje det same som å seie ifrå til USN.

Studentombodet er tilsett av USN, men det er ei fri og sjølvstendig stilling. Studentombodet har teieplikt. At Studentombodet har teieplikt betyr at studenten står fritt til å informere om eller diskutere bekymringar knytt til administrasjonen, praksisrettleiarar, faglærarar, andre studentar osv. utan at informasjonen kjem til å bli gitt vidare. Om studenten ønsker at Studentombodet skal ta saken vidare, vil Studentombodet spørre studenten om det er greit at informasjon gis vidare til dei det er nødvendig å snakke med, eventuelt kva studenten tillet at Studentombodet kan seie/ikke seie vidare. Det finnes nokre få unntak frå teieplikta, mellom annen hvis ein persons liv eller helse er i fare eller ein person er til fare for andres liv eller helse, men dette er sjeldan aktuelt.