Studentombod

Har du fått avslag på ein søknad, motteke varsel om tap av eksamensrett eller opplevd å bli behandla forskjellig frå andre eller trakassert i studiesituasjonar? Då kan du få hjelp av studentombodet vårt.


Forhåpentlegvis går dei fleste studenter gjennom studiet sitt som planlagt, men nokre gongar oppstår hindringar som gjer at ein kan trenge bistand i saker som gjeld eigen studiesituasjon. Studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) kan be Studentombodet om hjelp.

Studentombud ved HSN Cecilie Jurgens. Foto.Studentombodet avgjer ikkje saker, men er ein nøytral person som vil kunne gje deg råd og rettleiing om dine rettar og plikter i din studiesituasjon. Vidare kan Studentombodet gje rettleiing om prosessen vidare i saker, kva dokumentasjon som er relevant og korleis du bør fremme di sak. 

Når bør du gå til Studentombodet?

  • Om du har spørsmål om dine rettar i forbindelse med studiesituasjonen (opptak, eksamen, praksis, dugleiksvurdering, læringsmiljø, saksbehandling, m.m.)
  • Om du treng hjelp til å kommunisere med nokon ved universitetet
  • Om du er usikker på kva retningslinjer eller prosedyrar som gjeld for di type sak eller treng hjelp i forbindelse med innsending av klage eller ei pågåande klagesak
  • Om du ønsker å vite kva ressurser eller alternativer som er tilgjengelege
  • Om du føler at ein prosedyre eller praksis ved USN ikkje blir følgd på rett måte

Er du råka? Kom og bli høyrd!

Hjelp frå Studentombodet er gratis og uforpliktande. Studentombodet har teieplikt og saka di vil ikkje bli teke opp med andre med mindre du sjølv ønsker det.

Studentombodet er oppteke av at studentsaker får ein forsvarleg og korrekt saksbehandling, at studentar skal føle at dei blir høyrd og at prosessar opplevast rettferdig. Rett skal vere rett!

Kontakt Studentombodet

Du kan ta kontakt via telefon, e-post eller nettskjema. Telefonnummer og e-post finn du nedst på sida. Ikkje send sensitive opplysingar via epost, bruk heller nettskjemaet (under «Verktøy») slik at dine opplysingar tas vare på på en sikrare måte. Det er studentomboda ved USN som kan sjå dei opplysingane du sender inn via nettskjemaet. Punkta med * må fylles ut i skjemaet, medan dei andre kan du la stå tomme om det er viktig for deg. Du får ei automatisk kvittering når skjemaet er sendt inn, og deretter vil du bli kontakta av studentombodet når saka di er lest.