Mange vil lære norsk språk og kultur med EDUC

Woman with Nordic features on a swing in front of a spectacular fjord view. photo

Ein minikvalifikasjon (micro-credential) frå USN gjev studentar frå partnaruniversiteta våre ein veg inn i norsk språk, kultur og kvardagsliv, og det som kan bli eit første steg mot vidare studium, praksis eller arbeid i Noreg.

«Eg heiter…»

For mange av studentane på Practical Norwegian 1 var dette noko av det første dei lærte å seie på norsk. For nokre var målet å forstå meir av kvardagen rundt seg. For andre handla det om nysgjerrigheit, framtidige moglegheiter eller eit ønske om å bli betre kjent med Noreg.

Emnet blir tilbydd av USN gjennom den europeiske universitetsalliansen EDUC. Det gjev studentane ei praktisk innføring i norsk språk og kultur, og skal gjere det lettare å delta i enkle samtalar, forstå korte tekstar og bruke norsk i kjende situasjonar.

Neste utgåve av emnet startar hausten 2026, denne gongen er det utvikla til ein minikvalifikasjon (micro-credential) som gjev 5 studiepoeng. Registreringsfristen er 27. august. Påmelding via EDUC Catalogue: Practical Norwegian 1

Vil du høyre kva studentane sjølve seier?

Studentar som allereie har fullført Practical Norwegian 1, fortel om motivasjon, utfordringar, meistring og korleis norskkunnskapane har påverka kvardagen deira i Noreg.

Les studentane sine eigne erfaringar her: Bijeta og Natacha lærte norsk med EDUC

Stor interesse frå både USN og Europa

Vårutgåva av Practical Norwegian 1 i 2026 fekk rundt 90 søkjarar. Om lag halvparten kom frå USN, medan den andre halvparten kom frå EDUC-partnaruniversitet i Europa. Kurset har no avslutta si andre gjennomføring, og 28 studentar var kvalifiserte til å gå opp til avsluttande eksamen.

Den store interessa viser ein tydeleg tendens: Kurs frå USN som handlar om norsk språk, kultur og samfunnsliv, er attraktive både for internasjonale studentar ved USN og for studentar ved EDUC-universitet i andre land.

Practical Norwegian 1 er eitt døme. Også USN sin sommarskule i kulturarv på Notodden og ein vinterskule i Rauland innan tradisjonsmusikk, kunst og dans har hatt stor interesse frå studentar i Europa.

Samtidig viser søkjartala frå USN at behovet for norsk-kurs også er stort lokalt. Mange internasjonale studentar som allereie bur i Noreg og studerer på USN, ønskjer fleire moglegheiter til å lære norsk og ta meir aktivt del i kvardagslivet.

Engasjerte studentar frå første time

For lærarane på kurset var engasjementet til studentane noko av det som gjorde sterkast inntrykk.

– Hovudinntrykket mitt av studentane som fullførte dei obligatoriske arbeidskrava, er svært godt, seier Fartein Thorsen Øverland, som er ein av undervisarane på kurset.

Han fortel at nokre studentar hadde litt forkunnskapar, men at dei fleste starta heilt utan norskbakgrunn.

– Etter ti undervisningsøkter på to timar, i tillegg til eige arbeid, nådde mange læringsmåla for A1-nivå. Nokre gjekk til og med forbi dette nivået, seier Øverland.

Calina-Maria Moldovan, som også underviste på kurset, trekkjer fram den frivillige innsatsen studentane la ned utanfor undervisninga.

– Først og fremst blei eg imponert over engasjementet til studentane. Dei fleste var verkeleg motiverte, og det gjorde undervisninga både dynamisk og levande. Vi avslutta ofte seint fordi det kom spørsmål og diskusjonar. Det var givande å sjå studentar kome lenger enn dei vanlege A1-måla. Det var også flott å sjå kor mykje nokre av dei arbeidde på eiga hand utanom kurset, seier ho.

Undervisninga gjekk føre seg som direkteundervisning på nett. Det gjorde det mogleg å samle studentar frå ulike EDUC-universitet og frå fleire USN-campus i same læringsrom.

– Dette var ei svært god løysing for dette kurset. Studentane sat på ulike stader, og direkte munnleg trening er nødvendig for god språklæring, seier Øverland.

Eit kurs som møter ulike behov

Studentane hadde ulike grunnar til å melde seg på. Nokre budde allereie i Noreg som utvekslingsstudentar og ønskte å forstå meir av språket dei møtte i kvardagen. Andre følgde kurset frå utlandet og ønskte ei meir systematisk og akademisk innføring i norsk.

– For studentane som var på utveksling ved USN, handla motivasjonen først og fremst om å kunne delta meir i kvardagslivet i samfunnet. Vi er glade for å kunne møte dette behovet på tvers av campus gjennom EDUC, seier Øverland.

Moldovan såg det same i si gruppe:

– Nokre av studentane budde allereie i Noreg og ønskte å lære norsk for å kunne integrere seg betre. Andre hadde prøvd å lære norsk på eiga hand og trong meir struktur, rettleiing og klårleik. Det var også studentar som var interesserte fordi dei hadde budd, reist eller hadde familie i Noreg. Og så var det studentar som tok kurset av rein nysgjerrigheit og var heilt nye i språket, seier ho.

Norsk som nøkkel til vidare moglegheiter

Practical Norwegian 1 handlar ikkje berre om språk. Kurset kan også sjåast i samanheng med EDUC sitt breiare arbeid med arbeidslivsrelevans og internasjonale karrierevegar.

– Å lære norsk handlar om meir enn ordforråd og grammatikk. For internasjonale studentar som ønskjer å bu og arbeide i Noreg, kan språket vere ein viktig nøkkel til tilhøyrsel, integrering og framtidige moglegheiter, seier EDUCs Kine Korsmo ved seksjon for internasjonalt utdanningssamarbeidseniorrådgivar på USN.

For studentar som ønskjer å bu, studere, jobbe eller søkje praksisplass i Noreg, kan norskkunnskapar vere eit viktig fortrinn. Kurset kan også kombinerast med det digitale EDUC Employability Course, der studentane kan velje ei landspesifikk læringsløype. Ei av desse er retta mot norsk arbeidsliv og jobbsøking i ein norsk kontekst.

Registrering til den femte utgåva av EDUC Employability Course skjer gjennom EDUC-katalogen innan 30. juli 2026. Den sjette utgåva er planlagd med to gjennomføringar, våren og hausten 2027.

Eit digitalt klasserom utan landegrenser

Studentane på Practical Norwegian 1 kom frå ulike land, fagområde og studieprogram. Gjennom nettundervisning kunne dei øve på norsk saman, stille spørsmål, dele erfaringar og støtte kvarandre i læringsprosessen.

For mange blei kurset derfor ikkje berre eit møte med norsk språk, men også eit møte med andre studentar i EDUC-alliansen.

Når EDUC held fram med å utvikle felles læringstilbod på tvers av Europa, viser Practical Norwegian 1 korleis språk kan opne dører til deltaking, mobilitet og fellesskap, både mellom land og i lokale studentmiljø.

For studentar som tek dei første stega inn i norsk, kan ei enkel setning som «Eg heiter …» vere starten på noko større: meir deltaking, sterkare tilhøyrsel og nye moglegheiter i Noreg.