Arbeidsgruppa skal leggja til rette for kunnskapsdeling, identifisera behov for samarbeid om forsking og stimulera til samarbeid på utvalde område.
Aktiviteten er ei konkretisering av hovudområde B i samarbeidsavtala: "Partane vil samarbeide om praksisnær forsking som styrkjer kunnskapsgrunnlaget for utdanning og yrkesutøving og samarbeide om utvikling og innovasjon som bidreg til omstilling".
Dette er målgruppa:
- Koordinatorar i ungdomsnettverka og integreringsnettverka i Nav
- Forskarar som forskar innan temaet “utanforskap blant unge (under 30 år) og personar med innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land”
- Brukarar
- Representantar frå KS som jobbar med utanforskap og inkludering
- Representantar frå fylkeskommunane som jobbar med integrering og opplæring
- Folkehelserådgjevar/-koordinator ved kommunar i Vest-Viken og Vestfold og Telemark fylke
Innspill fra workshop på arbeidsverksted om ungt utenforskap
Arbeidsverkstad 2023
I februar 2023 arrangerte vi ein arbeidsverkstad. Der delte vi erfaringar og kunnskap om, og dessutan synspunkt på:
- moglege årsaker til at så mange innbyggjarar i regionen verken er i utdanning eller arbeid.
- tiltak som bidreg til at fleire startar og gjennomfører utdanning og etablerer ei varig tilknyting til arbeid.
Arbeidsverkstaden gav prosjektgruppa grunnlag for å identifisera behovet for vidare samarbeid.
Formålet er å bidra til ytterlegare kunnskapsutvikling på området.
Arbeidsverkstaden blir følgt opp med ein rapport.