Den 22. og 23. juni var franske Universitetet Paris Nanterre (UPN) vertskap for møter for rektorene og styringskomiteen til universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC), der USN er ein av åtte partnarar.
Kva er EDUC?
- Gjennom universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) inngår USNs studentar og tilsette i eit akademisk nettverk mellom sju universitet i Europa:
-
Masaryk Universitet (MU) Tsjekkia
-
Universitetet i Cagliari (UNICA) – Italia
-
Universitetet Jaume I (JM1) – Spania
-
Universitetet i Paris Nanterre (UPN) – Frankrike
-
Universitetet i Pécs (UPT) – Ungarn
-
Universitetet i Potsdam (UP) – Tyskland
-
Universitetet i Rennes (UR) – Frankrike
-
- EDUC er basert på pedagogisk innovasjon gjennom digitale verktøy og ordningar for fagleg openheit som tenar mobiliteten til studentar så vel som undervisarar, forskarar og teknisk-administrativt personell.
- EDUC-medlemmane sameiner kunnskap og ressursar med mål om å skipe eit integrert europeisk universitet med transnasjonale campusar og ein sameina virtuell campus.
- EDUC støttar saumlaus mobilitet for studentar og tilsette gjennom språkmangfald, og nyttar blanda (fysiske og virtuelle) lærings- og treningsformat,
- EDUC er eit resultat av EUs European Universities Initiatives (EUI).
Alliansepartnarane var samla i Paris for å diskutere felles aktivitetar for alle studentar og administrativt og akademisk personell frå dei åtte partnaruniversiteta.
Ein verdigrunnmur
Om lag nitti deltakarar var til stades, inkludert USNs rektor, Petter Aasen, og viserektor for utdanning, Ingvild Marheim Larsen, og andre styringskomitèmedlemmar vertskapsinstitusjonen UPN, franske Universitetet i Rennes (UR), tyske Universitetet i Potsdam (UNIP), tsjekkiske Masaryk Universitet (MU), ungarske Universitetet i Pécs (UP), spanske Universitetet Jaume I (UJI) og italienske Universitetet i Cagliari (UniCa).
På dag éin fekk deltakarane høve til å gå gjennom resultat og framtidsperspektiv for EDUC-alliansen i tillegg til å høyre vitnemål frå studentar som har reist med EU-midlar og studert på tvers av institusjonane, før det var duka for nedhamring av ein real milepæl: underteikninga av «EDUC Charter of Common Values and Good Cooperation», som framhevar verdiane alliansen byggjer på.
– Dette er ikkje et juridisk bindande dokument, men eit samlande verdigrunnlag og ei felles retningsline for alle medlemsinstitusjonane. Sjarteret peiker ut ei tydeleg retning og skal sikre at vi alle jobbar mot dei same måla, seier USN-rektor, Petter Aasen.
USN ble assosiert medlem av EDUC i 2022 og fullt medlem da alliansen gjekk inn i fase to med finansiering i fire nye år frå og med 2023.
– Gjennom EDUC har USN posisjonert seg som ein førebileteleg høgare utdanningsinstitusjon for europeisk integrasjon. Vi gler oss over dei gode forarbeidet som er gjort sidan EDUC blei oppretta i 2019, og for at vi er med og peiker ut og trør vegen mot eit styrka europeisk universitetsmiljø og alle eventyr det inneber for USN og våre studentar, seier Ingvild Marheim Larsen, viserektor for utdanning ved USN og medlem i EDUCs styringskomité.
– No skjer det mykje
– No skjer det mykje i EDUC, og ikkje minst på vår eigen institusjon. Til hausten vil tilsette og studentar på USN oppleve å for alvor kunne kople seg på alliansen. Dette er eit godt tidspunkt for å sjå kva høve EDUC byr på for deg, seier Heidi Tovsrud Knutsen, som er institusjonell koordinator for USN i EDUC.
- EDUC for studentar
- EDUC for teknisk-administrativt tilsette
- EDUC for tilsette i undervising- og forskarstillingar
Tovsrud deltok på styringskomitémøtet digitalt, men arbeidsgruppa hennar var representert ved prosjektrådgjevar Kine Korsmo frå USNs eining for analyse, strategi og verksemdsstyring i tillegg til EDUC Community Manager, Knut Jul Meland, frå USNs kommunikasjonsavdeling. Community management handlar i stor grad om å opplyse og å hjelpe deltakarane og deira økosystem av målgrupper.
– Møteplassar som dette er nyttige på mange plan. Dei driv alliansen framover og er revitaliserande i sin form, for dei gjev ein sjanse til å møtast i kjøtt og blod i fantastistiske kontekstar. EDUC-partnarane samhandlar godt digitalt, men verdien av å stå andlét-til-andlét er essensiell og uerstatteleg, seier Meland.
Studentanes talerøyr
Parallelt med rektormøtet og styringskomitémøtet, vart det avvikla ei tankesmie for studentrådet til alliansen: EDUC Student Board. Her deltok studentrepresentantar frå alle dei åtte EDUC-universiteta for å bli kjende, etablere generelle retningslinjer, fordele roller, finne ut av samarbeidsform og framdrift.
Nora Rymoen Houidi er nyvald studentleiar i Studentdemokratiet i Søraust (SDSN) og deltar i studentrådet til EDUC på vegne av USN.
- LES OGSÅ: Nora representerer USN-studentane i EDUC (usn.no)
– Dette første møtet lovar godt. Alle vi som sit i studentrådet er engasjerte og entusiastiske, og ikkje minst takksame for å bli involvert og for å kunne samarbeide tett med EDUC-tilsette, seier Houidi, som legg til at EDUCs studentråd er opptekne av å vere ein tydeleg og sterk del i økosystemet av internasjonale studentorganisasjonar.