Opning av utstillinga «Tillit til kunsten»

Kopirett: USN

I samband med Forskingsdagane 2026 presenterer forskargruppa Kunstnerisk utviklingsarbeid, praksis og profesjon (KUPP) dei individuelle resultata av skapande arbeid.


18 Sep

Praktisk informasjon

  • Dato: 18 september 2026
  • Tid: kl. 10.00 - 16.00
  • Sted: Notodden, Foajegalleriet
  • Last ned kalenderfil
  • Det er mogleg å sjå kunstutstillinga allereie frå 9. september. Den vil stå open fram til 2. oktober, måndag til fredag i frå kl 08.30 til 15.30.

Har du spørsmål?

Velkommen til presentasjon av utstilte kunstverk, og forskings- og utviklingsarbedeier innan musikk.

I utstillinga presenterer vi eit mangfald av uttrykk, tema, teknikkar og materiale.

Tittelen på utstillinga er "Tillit til kunsten". Refleksjonane til kunstnarane knytte til eige verk og tillit vil vere tilgjengeleg i galleriet.  

For å halde oppe tilliten til kunsten må kunsten kontinuerleg søkje nye former og aktualisere sin eigen eksistens. Og når det er nødvendig, stå på barrikadane for den indre fridommen sin.

Kunstnarisk utviklingsarbeid er ei form for forsking der sluttresultatet er eit kunstnarisk arbeid. Det kunstnariske arbeidet skal vere offentleg tilgjengeleg, til dømes som ei utstilling, konsert eller framsyning.

Refleksjon over utviklinga og presentasjonen av kunstresultatet er ein sentral del av forskingsarbeidet. Denne refleksjonen kan ha ulike former, men skal vere relevant for kunnskapsutviklinga innan fagfeltet.

Kunstnarisk utviklingsarbeid inngår i arbeidet til kunstfagleg tilsette ved alle universitet og høgskular med kunstfaglege utdanningar i Noreg. Det har vore sidestilt med anna forsking sidan innføringa av universitets- og høgskulelova i 1995.

Vi håpar publikum har tillit til at det dei møter i denne utstillinga er skapt ut frå eit autentisk behov for å uttrykkje seg, og eit sterkt engasjement for å utforske.

Detaljert program for opninga kjem.