På turneen fortel forskarane først litt om forskinga si. Sidan tema for forskingsdagane i år er tillit, så vil forskarane også seie noko om kva metodar dei bruker for å sikre at vi kan ha tillit til resultatet av forskinga.
Hva får skulane ut av dette?
Forskingsformidlingen vil:
- Gi elevane auka forståinga for korleis forsking bidreg i samfunnet
- Gi innsikt i ulike forskingsområde som kan knytast opp mot lærarplan i fleire fag
- Styrkje tillit til forsking
- Trene kritisk refleksjon rundt informasjon, risiko og avgjerder
Opplegg og organisering
Vi set saman eit forskerteam på to til tre forskarar frå denne lista:
- Professor Jörn Klein: Om bakteriar, virus og epidemiar
- Førsteamanuensis Eva Marie Støa, om helse- og treningsfysiologi og om korleis god fysisk helse er ein viktig samfunnsberedskap.
- Professor Knut Vågsæther: Om kraft og eksplosjonar; kjernerkraft, hydrogen og ammoniakk.
- Karl Christian Alvestad: Om tillit til forsking på historie og andre humanistiske fag
- Postdoktor Kayla Christine Evens: When plants get sick: Using nature's tools to protect food production/ Når plantar blir sjuke: Bruk av naturen sine verktøy for å verne matproduksjonen (på engelsk).
- Førsteamanuensis Gaurav Mirlekar: Om optimalisering av Co2-reinsing og kritisk infrastruktur
- Førsteamanuensis Fiona Mary Flynn: Generelt om beredskap og spesielt om katastrofeberedskap blant spesialsykepleiarar.
- Professor Lasse Berntzen: Om IT og samfunnsberedskap
- Førsteamanuensis Birger Opstad: Marknadsføring og merkevarer som beredskap: Når tillit dempar hamstring i kriser.
- Professor Per Ingvar Haukland: Om beredskap for å skape fred.
- Lærke S. Stewart: Tillit til klimaforsking
- Ann Kristin Bjørnnes: Helseberedskap byrjar i kvardagen – kva gjer oss robuste som menneske?
Dei fleste av forskerane formidlar på norsk, nokon på engelsk. I alle tilfelle vil det vere ein populærvitskapleg presentasjon tilpassa vgs-elevar.
Tidsramma er på omlag 1 time og 30 minutt. Det blir sett av god tid til å stille spørsmål.
Vi gjer merksam på at ikkje alle forskarar kan alle dagar.
Vil du ha besøk eller har spørsmål: Kontakt Helle Friis Knutzen
