Om syn, tillit og kommunikasjon

I samband med dei nasjonale forskingsdagane og årets tema Tillit har optometrimiljøet ved Universitetet i Sørøst Norge laga eit opplegg tilpassa fleire av faga ved vidaregåande skular. Det kan også tilpassast folkehøgskular.


16 Sep

Praktisk informasjon

Har du spørsmål?

Vi kjem gjerne på besøk til skulen din.  
 
Opplegget er tilpassa éin skuletime i kvart av faga naturfag, helsefag, engelsk og samfunnsfag – og vi kan komme med alle eller med eitt eller to av dei. Innhaldet kan vere aktuelle for alle klassetrinn.
 
Besøket kan også gi høve til å knyte fleire fag saman. Då kan vi eventuelt prøve å tilpasse det til ein dobbeltime. For folkehøgskular kan tema tilpassest ulike linjer.

Helsefag/naturfag, men og aktuelt for alle

«Russ mista synet»: Kva er viktig å vite om laser, om synskrav til bilkøyring og kva du skal gjere når nokon plutseleg mistar synet?
Elevane får innsikt i:

  • korleis auget fungerer og korleis vi ser med hjernen
  • synsendringar og augnesjukdommar som ofte blir oppdaga i ungdomsalder 
  • synskrav knytt til helse, tryggleik og ansvar i kvardagen.

Helsefag og samfunnsfag, folkehøgskular

«Maso» er ordet for auge på gassisk. Korleis kan ein vere norsk utvekslingsstudent i ein framand kultur og bidra med synshjelp?
Vi set søkjelys på kvifor det er viktig for helsepersonell å forstå språk og kultur – med døme frå forskingssamarbeid i Madagaskar. Elevane får innblikk i korleis tillit blir bygd gjennom internasjonalt samarbeid, kvifor det er viktig å forske på samarbeid og korleis slike tema kan utforskast gjennom kvalitativ forsking.

Helsefag, norsk og engelsk

Samarbeid for å møte FNs berekrafts mål innan helse og utdanning er viktig, også for forskarar som skal formidle fag. 
Denne presentasjonen gir elevane erfaring med å lytte til kultur og fagleg formidling på engelsk. Gjennom døme frå Ghana og Madagaskar viser vi korleis språkforståing gir innsikt i korleis ein samarbeider profesjonelt på tvers av land med ulike utdanningsmoglegheiter – særleg innan helse og formidling av syn.

Utbytte for elevane

Elevane får innsikt i hvordan:

  • synsfunksjonen er viktig for å forstå og oppfatte omgivnadene slik at ein kan handle på best måte
  • kulturforståelse gjennom samarbeid skaper tillit
  • FNs berekrafts mål innan helse og utdanning, via eit praktisk døme der tilsette ved universitet deler erfaringar.
  • eit internasjonale fagmiljø

Vi tilpassar gjerne innhaldet til elevane deira og faglege behov, og håpar dette kan vere eit relevant og inspirerande bidrag til undervisninga.