Fyrsteamanuensis Veronika Glitsch forskar på berekraftig mote og underviser på studiet design, redesign og saum av klede på institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Ho jobbar også som skreddar og har sitt eige økomotemerke: «Rethink».
Glitsch si viktigaste forsking er relatert til utfordringa med å redusere avhending av plagg. Det trengs. Kvart år blir det kasta tusenar av tonn med knapt slitte klede (24 kilo i året for den jamne nordmann).
Slår an
Glitsch sto på «talarlista» under TEDxUSN med sitt bidrag «The power of favourite garments». Opptaket av TEDx Talk-en hennar på YouTube er allereie blitt spelt av nærare 40.000 gongar.
Sjå fleire opptak frå TEDxUSN her
– Det er veldig gøy at so mange blei frista til å sjå kva moglegheitar som ligg i favorittklede. Tema rørar oss alle: vi tar alle på oss klede kvar einaste dag.
Ho vonar enda fleire blir nyfikne på tema hennar og får lyst til å engasjere seg med sine eigne val av klede.
– Forbrukarmakta er stor når det gjeld å påverke tilbodet av klede og om dei blir produsert miljøvennleg og berekraftig, seier ho.
Det handlar om passform
– Klede av i dag blir vanlegvis sydd etter standardmål, noko som gjer ein passform som ikkje er representative for målgruppene til selskapa i kledeindustrien. Dette gjer at mange ofte ikkje finn klede som er høveleg deira kroppsform, fortel Glitsch.
Ho legg til:
– Favorittklede blir derimot brukt til dei er utslitne, og vi liker korleis dei passer kroppane våre.
Difor har forskninga til Glitsch konsentrert seg om passform og korleis kledeindustrien i større grad kan ta omsyn til dette i arbeidsprosessen sin.
Forslaget hennar er å innføre eit tilleggstrinn i produksjonen, kor snittmønsterdelane til ein prototype på eit plagg blir gradert individuelt frå storleik til storleik og dessutan tilpassa ulike kroppsformar. Ho kallar metoden «The fit-step».
Sjå også Veronika Glitsch sin PechaKucha-presentasjon: «Viss alle kleda i skapet var favorittplagg»
Utøvande og akademisk kunnskap
Tidligare forsking har påpekt behovet for endringar i storleik-systema og graderinga av grunnformar. Eit spesifikt bidrag frå forskinga til Glitsch er at ho synar kor viktig det er å nytte sjølve designet og sømlinjane til ein prototype under tilpassinga til ulike kroppsformar og proporsjonar for å oppnå god passform.
Avhandlinga hennar har tittelen Fit step in ready-to-wear clothing – Towards a reduction of garment disposal in view of sustainability. Forskingsproblemet for avhandlinga er «Korfor blir klær kasta innan dei er slitne ut?»
• samandrag av avhandlinga
• heile avhandlinga (USN open archive)
– Veronika Glitsch sitt arbeid er høgrelevant for det vi jobbar med til dagleg her på studiestad Rauland. Vi er vande til å kombinere utøvande og akademisk kunnskap. Slikt er veldig utviklande, fordi det hjelper oss til å forstå meir av det vi driv med, seier Stian Roland, leiar av institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på USN.