Disputas: Tone Jøran Oredalen

Tone Jøran Oredalen disputerer. Breddebilde av henne.

Tone Jøran Oredalen holder prøveforelesning og disputerer for graden philosophiae doctor (ph.d).


19 Aug

Praktisk informasjon

  • Dato: 19. august 2022
  • Tid: kl. 10.00 - 15.00
  • Sted: Bø, Rom 4-311A og Zoom
  • Last ned kalenderfil
  • Delta på Zoom

    Program

    Kl. 10.00-11.00: Prøveforelesning, Rom  4-311A og Zoom
    Tema for prøveforelesning: «The potential use of eDNA in future studies on fish pathogens – flaws and advantages.»

    Kl. 12.30-14.30: Disputas,  Rom  4-311A og Zoom

    Tittel på avhandlingen: «Occurrence of Tetracapsuloides bryosalmonae in five large, dimictic lakes».

    Bedømmelseskomité:

    • Førsteopponent:
      Instituttleder Arní Kristmundsson, University of Iceland
    • Andreopponent:
      Professor Audun Slettan, Universitetet i Agder
    • Tredjeopponent:
      Førsteamanuensis Helga Veronica Tinnesand, Universitetet i Sørøst-Norge

    Administrator:

    Professor Andrew Jenkins , Universitetet i Sørøst-Norge

    Veiledere

    • Seniorforsker Tor Atle Mo, NIVA
    • Førsteamanuensis Mona Sæbø, Universitetet i Sørøst-Norge

Tone Jøran Oredalen ved fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag (TNM) vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.) i programmet  Økologi ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN).

Tittelen på avhandlingen er: «Occurrence of Tetracapsuloides bryosalmonae in five large, dimictic lakes».

Alle kan følge prøveforelesningen og disputasen på campus eller på Zoom.

Følg denne lenken for å delta på Zoom

Om avhandlingen:

Doktorgradsarbeidet har fokusert på den klimarelaterte parasitten Tetracapsuloides bryosalmonae. Det er ein potensielt skadeleg parasitt for laksefisk som spreier seg til stadig nye område. Ferskvass-mosdyr, som lever på botnen i elver og innsjøar, er ein naudsynt hovudvert for at parasitten skal kunne fullføre sin livssyklus.

Infeksjon med T. bryosalmonae kan føre til den potensielt dødelege nyresjukdomen PKD (Proliferative Kidney Disease) i laksefisk når vasstemperaturen er over 12-15 oC i over 14 dagar. Sidan 1970-talet har PKD ført til periodevis kraftige sjukdomsutbrot og høge dødstal i både fiskeoppdrettsanlegg og villfisk, i t.d. regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss), aure (Salmo trutta) og laks (Salmo salar), i Europa og Nord-Amerika.

T.bryosalmonae blei funnen ved hjelp av PCR-analyser av nyreprøver frå laksefisk og av miljø-DNA (eDNA) i innsjøvatn, frå fem store og djupe Norske innsjøar: Fyresvatn, Totak, Møsvatn, Tinnsjå og Norsjø. Dei fleste studia av T. bryosalmonae på laksefisk er til nå gjort i grunne innsjøar og elver, men denne studien dokumenterer at PKD-parasitten finst i aure, røye (Salvelinus alpinus) og sik (Coregonus lavaretus) også i store, djupe innsjøar – ein innsjøtype det finst mange av i Norge. Dette er fyrste gong parasitten er funne i sik i Norge.

Det finst per i dag ingen vaksine mot PKD. Viktige førebyggande mottiltak har vore å eksponere fisken for kaldt vatn for å avgrense den temperatur-avhengige sjukdomsutviklinga av PKD, samt å redusere mengdene av ferskvassmosdyr i området der fisken lever. Det kalde botnvatnet i djupe innsjøar er forventa å bli eit viktigare leveområde for laksefisk som er tilpassa kaldt vatn i eit framtidig varmare klima, og vi foreslår at desse kalde djupområda også vil bidra til å reduser utviklinga av PKD for fisk infisert med T. bryosalmonae.