Forskingsdagane på USN

Forskningsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd. Festivalen blir halden i veke 38 og 39 kvart år, og er ei fin anledning til å bli kjend med forskinga ved USN.  

Program

Universitetet i Søraust-Noreg sto i fjor for ein rekke arrangement i Buskerud, Telemark og Vestfold. Festivalklare forskarar børsta av seg støvet og reiste ut til gøyale scener og rom for å dele av kunnskapen og innsikta si om alt frå skolevegring til bedre helse i Oslofjorden. 

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein årleg, nasjonal forskingsfestival i regi av Noregs forskingsråd (NFR), der målet er å skape begeistring og forståing for forsking blant ålmenta.

keyboard_backspace Den nasjonale Forskingsdagane-sida

Årets tema: «Tillit»

Les meir om tema for årets festival (forskningsdagene.no).

Vi inviterer til arrangement om ulike former for tillit - økonomisk tillit, demokratisk tillit, tillit til medium, tillit mellom venner, tillit i familiar.

Men vi viser og fram forsking på alle typar tema, så lenge det er med å skape tillit til forsking, til dømes gjennom å vise fram korleis forskaren sikrar pålitelege resultat.

USN vonar å invitere til fleire arrangement knytt til ulike former for tillit i september 2026, men óg arrangement om andre viktige tema. Du vil finne ei oversikt her i juni.