Tema for dagane i år er «helse» og Universitetet i Søraust-Noreg (USN) startar dagane med arrangement på campusane Vestfold og Notodden 19. september.
I Vestfold inviterer vi lærarar, rektorar, føresette, PP-rådgivarar og andre fagtilsette til ein gratis konferansedag.
Tema er skulevegring/ufrivillig skulefråvær: Kva veit vi om skulerelaterte faktorar, og kva tiltak kan bidra til at barna det gjeld kjem tilbake og trivast på skulen.
Forskarar, prosjektleiarar, foreldre og ungdommar fortel om forsking, eigne erfaringar og prosjekt som har lykkast med å få elevar tilbake til skulen.
Workshops og festival
På campus Notodden blir publikum invitert til å teikne saman med kunstnarar både inne og utanfor hovudinngangen. Arrangementet «Eg skaper, derfor er eg» varer frå 19. - 23. september og består av utstilling, foredrag og workshops.
På Notodden blir også samtidskunstfestivalen KUNST I SPIRE arrangert for aller første gong 21. - 25. september. Den er eit samarbeidsprosjekt mellom USN, Notodden kommune, Norsk Industriarbeidermuseum og Telemark Fylkeskommune.
Helse og musikk
I Drammen kan du teste ut ein ny helsemotivator-app og få ein pustepause i virtuell natur.
At musikk kan vere godt for helsa, burde ikkje overraske nokon. Professor Kjetil Klette-Bøhler inviterer til foredrag, film og minikonsert der tema er korleis musikk kan påverke både politikk og helse, og brukast som del av fôrebyggande arbeid mot ungdom.
USN samarbeider også med Drammen sjukehus og Næringsforeningen i Drammensregionen om arrangementet «Drammen forskar». Der skal Kristopher Schau prøve å tappe helseforskarane for informasjon som er nyttig for folk flest.
Teknologi som kan redde Oslofjorden
På campus Vestfold kan du vere med på høgtlesing om næring, grobotn, omsorg, balanse og tid kvar dag i ei heil veke (23. -27. september). Vi inviterer også næringsliv, politikarar, lokalbefolkning og realfagselevar til ein lærerik dag om teknologi som kan redde Oslofjorden.
Ingeniørdagen
I Porsgrunn blir den tradisjonsrike ingeniørdagen arrangert, i år med tema «Ingeniører for betre helse».
På ingeniørdagen vil ingeniørar, laborantar og forskarar spreie begeistring og forståing for teknologi til barn og unge, gjennom å vise samanheng mellom forsking, innovasjon og næringsliv. 250 – 300 elevar og eit ukjent tal lærarar i 10.-klasse og 1.-klasse vidaregåande skule i Porsgrunn er invitert.
I Porsgrunn arangeres også «Forskarkafé» fast under Forskingsdagane. Her får du spennenda opplevingar og innblikk i forsking formidla på ein måte som er forståeleg for folk flest.
Natur- og energisti
I Bø har vi ein lang tradisjon for å arrangere «natur- og energisti». Forskarar innan natur-, helse- og miljøvern inviterer 7.-klassingar i Midt-Telemark til ein lærerik og energifylt dag på USN.
På postane lærer dei om energi og natur, og gjer aktivitetar knytta til energi, berekraft og miljøvern, til dømes:
• lage straum frå vasskraftverk
• lage iskrem ved hjelp av kjemisk energi
• muskelenergi
USN har totalt 17 arrangement fordelte på sju stader. Det er heilt gratis å delta på Forskingsdagane.