Vi inviterer Notoddens bebuarar og besøkjande til ein kulturdag med korte foredrag, musikk og faglege samtalar knytte til utvandrarjubileet Crossings200.
Vi ønskjer å setje fokus tryggleik i samanheng med 200-års jubileet for starten på utvandringa til Amerika:
- Kva var den historiske konteksten for utvandringa frå USNs nærområde, med særleg vekt på Telemark?
- Korleis migrasjon er ein mekanisme for menneske og samfunn til å søkje tryggleik, samtidig som det kan bidra til ein førestilt utryggleik i samfunna som tek imot migrantar?
- Den kulturelle og samfunnsmessige betydninga av utvandringa og relevans i dag og for framtida.
- Kva kan vi lære av dette i dag.
Faggruppa i samfunnsfag på USN, Notodden og forskargruppa kulturarv i bruk samarbeider om arrangementet med lokale organisasjonar som Slekt og Data Telemark.
I tilegg til korte og populærvitskapelege foredrag fra forskarar ved USN, vil det bli bidrag frå lokale aktørar som musea og Telemark historielag.
Eit musikalsk bidrag ved Sigmud Groven vil setje tematikken i ein større kulturell kontekst.
Program
13.30 Dørene opnar
13.45-14.00
Velkomst og opning av markeringa
Førsteamanuensis Karl Christian Alvestad og Hans-Olav Oldrup Johnsen, leder Slekt og Data Telemark
14.00-14.30
Utvandring og vandring i Telemark på 1800-talet
Professor emerita Ellen Schrumpf, USN
14.30-15.00
Grotbekk – ein emigranthistorie frå Notodden
Anne H. Wagn, redaksjonsmedlem Notodden historielag, tidligere lektor i historie Notodden videregående skole
15.00 Pause
15.15-15.45
Musikk ved Sigmund Groven
50 år etter bidraget hans ved 150-årsjubileumet for utvandringa. Med pianist Ivar Anton Waagaard
15.45-16.15
Dei utvandra Telemarkingene og første verdskrigen
Førsteamanuensis Eirik Brazier, USN
16.15-16.45
Norsk utvandringshistorie - gamle og nye perspektiv
Professor emiritus James Godbolt, USN
16.45-17.00
Avsluttande refleksjonar frå lokale aktørar som Slekt og Data Telemark og Norsk Industriarbeidarmuseum
