Magisk samarbeid om miljø

Omvising: I desember var HSN på omvising på Den magiske fabrikken. HSN har som visjon å vera internasjonalt konkurransedyktig og tydeleg til stades i regionen. Foto: Mette Kammen
Omvising: I desember var HSN på omvising på Den magiske fabrikken. HSN har som visjon å vera internasjonalt konkurransedyktig og tydeleg til stades i regionen. Foto: Mette Kammen

Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN) skal samarbeide med Den magiske fabrikken.


Den magiske fabrikken (DMF) er lokalisert utenfor Tønsberg, og er et samarbeid mellom Vestfold avfall og ressurs (Vesar), Greve Biogass, og Lindum, som skal drifte og leige anlegget. HSN og DMF ønsker å styrke samarbeidet gjennom ei skriftleg avtale. DMF har alt etablert kontakt med forskargruppa LET's (Learning and Teaching for Sustainability).

- ­DMF har etablert kontakt med forskarar ved HSN. Erfaringa så langt seier at DMF som bedrift kan bidra med ei rekke interessante og relevante temaer som HSN kan ta del i. Anten via forsking, doktorgradssamarbeid, studentprosjekt, kommersialisering og kunnskapsutveksling, seier Pål Augestad, som er viserektor for FoU (Forskning og utviklingsarbeid).

Klimavenleg

Fabrikken gjenvinner matavfall og husdyrgjødsel til klimavenleg biogass og verdifull biogjødsel til produksjon av ny mat. DMF har som mål å bli ein internasjonal foregangsfabrikk og eit kunnskapssenter for grøn karbonfangst og sirkulær økonomi. Det arbeidast med å få med fleire nasjonale aktørar som industripartnarar til kunnskapssenteret DMF.

- HSN ønsker å bidra med kunnskap og kompetanse til å løyse verdas klima-, energi- og fattigdomsutfordringar, sikre velferdsstatens berekraft og styrke mellommenneskelege relasjoner i ei globalisert verd. DMF og HSN har felles interesse av å samarbeide om prosjekt knytta til sirkulær økonomi, og energi- og ressurseffektivisering innanfor utdanning og forsking, seier Augestad.

Tek imot besøk

Matavfallet som Vesar tek i bruk kjem mellom anna innbyggarane i austlandsområdet fra Kragerø til Asker, husdyrgjødselen kjem frå landbruket i Vestfold.

- Vesar og Greve Biogass arbeider for å fremje forståinga og viktigheita av gjenvinning og sirkulær økonomi.  Greve Biogass har gjennom utvikling og drift av DMF skapt eit unikt regionalt døme på sirkulær bioøkonomi. Gjennom etablering av eit kunnskaps- og opplevingssenter ved Den Magiske Fabrikken vil Vesar snart ta imot besøk av skoleelevar og studentar. Her vil dei få spanande kunnskapsformidling, motiverast til kjeldesortering og auka gjenvinning, oppmoding til å ta berekraftige val og bli betre kjent med forsking og entreprenørskap, seier Terje Kirkeng, some er prosjekt- og utviklingsansvarleg i Vessar.

Prosjektleiar: Terje Kirkeng er prosjekt- og utviklingsansvarleg i Vestfold Avfall og Ressurs (Vesar). Her viser han moglegheitene som kan kome ut av samarbeidet. Foto: Mette Kammen

Biogass

I dag gjenvinnast 110 000 tonn matavfall og husdyrgjødsel i anlegget årleg. Noko som gjev ein biogassproduksjon som tilsvarar 6,8 millionar liter diesel. Biogassen skal i hovudsak nyttast til drivstoff. Det tette samarbeidet med landbruket har bidrege til at anlegget har fått status som nasjonalt biogassanlegg. Alt i 2016 nådde landbruket i Vestfold regjeringas målsetting om at 30 prosent av all husdyrgjødsel skal biogassbehandlast innan 2020.

- Me har sett at eit samarbeid med HSN vil kunne generere spanande synergiar i form av vidareutvikling og nye forskingsprosjekt i relasjon til det grøne skiftet og det som foregår rundt Den Magiske Fabrikken. HSN besitter mye relevant fag- og forskingsekspertise som gjer at dette grøne prosjektet kan vakse seg enda større, seier Kirkeng.

Han meiner også at den kompetansa HSN har innan pedagogikk og berekraft vil kunne være med å løfte utviklinga av det planlagte kunnskapssenteret.

- Vår framtidige visjon for Den Magiske Fabrikken og kunnskapssenteret er at dette både skal bli eit regionalt og nasjonalt tyngdepunkt innan formidling av sirkulær økonomi og samtidig bli ein yngleplass for nye grøne miljøprosjekt, avsluttar han.