Arrangementet er ope for alle interesserte, men rettar seg spesielt mot aktørar i kultursektoren: arrangørar, forvaltning, artistar/kunstnarar og andre næringsdrivande i sektoren, og dessutan politikarar, studentar og akademikarar med interesse for kunst- og kulturfeltet.
Bakgrunnen er ein tilspissa offentleg debatt om kulturøkonomi. Forsking peikar på at kommunale kulturmidlar blir kutta i ein pressa økonomisk situasjon. Samtidig blir førestillinga om ei kulturkrise utfordra, ved påstandar om at kultursektoren framleis er relativt godt finansiert.
Vi ser aukande tendens til mistillit og kritikk, mellom anna knytt til fordelingsmekanismar, habilitet og makt i kulturfeltet.
I dette spenningsfeltet reiser det seg eit grunnleggjande spørsmål om tillit og legitimitet: Kva skjer med tilliten til kulturfeltet når ressursane blir stramma inn, og når prioriteringane blir tydelegare og meir omstridde?
Debattar om støtteordningar, fordeling og rolla til kunsten i samfunnet handlar ikkje berre om økonomi, men også om kven og kva vi har tillit til – til kunstnarar, institusjonar, forvaltningssystem og kulturpolitikken i og for seg. Og om tilliten publikum har til arrangørar.
Kunst- og kulturfeltet har ei særeigen plass og rolle når det gjeld tillit i samfunnet. Det legg til rette for ytringar som gjerne er kritiske, men gjennom det også produktive: det er ein viktig arena for produksjon av tillit til demokrati og samfunn. Kan denne rolla haldast oppe om tillitten til kunst- og kulturfeltet sjølv er svekt?
Foreløpig program
Presentasjonar:
- Sløseriombudsmannen/Are Søberg
- Bård Kleppe, seniorforsker, Telemarksforsking: Kutt i praksis – kva veit vi?
- Kristoffer Mosfjeld, festivalsjef, Mari Beate Sannes, festivalkoordinator og professor emerita Anne Svånaug Blengsdalen: Tillit og truverd i festivalverksemder..
- Tobias Harding, professor Universitetet i Søraust-Noreg: Utfordring av den nordiske modellen: Kulturpolitkken hos populistiske politiske parti i Norden.
Panelsamtale:
Står kultursektoren i fare for å miste tillit og legitimitet i møte med økonomiske kutt – og kva vil det i så fall bety for framtidas kulturpolitikk?
Kunstnariske innslag, mingling og mat
