Tillit i skulen, tillit i barnevern og tillit mellom foreldre og barn. Det er berre nokre av tema som USN-forskarar set søkjelyset på under dei nasjonale forskingsdagane. Tillit er hovudtema for dagane, men mange andre tema blir også belyste.
Kva skjer på din campus?
Det er arrangement på fem av dei åtte campusane våre under forskingsdagane. Her kan du sjå kva som skjer på din studiestad
Vestfold: Tillit i skulen
I Vestfold inviterer vi lærarar, foreldre og skuleleiarar til ein kveld om tillit mellom elevar, lærarar og foreldre. Matthias Øhra, Rakel Rhode Næss, Rønnaug Sørensen og Stein Laugerud var blant fleire USN-forskarar som i vår ga ut antologien “Tillit som ressurs. Studier av tillit i barnehage, skole og høyere utdanning”. Nå tar dei med kunnskapen sin ut til dei som kan ha nytte av han. Kollegaer og lærarstudentar er hjarteleg velkomne.
Porsgrunn: Tillit i barnevern, forskarhelg, forskarkafé og ingeniørdag
I Porsgrunn er det heile fem arrangement, fire av dei i USN-regi. Her kan du ta med barna på Forskarhelg på DuVerden, eller få ny kunnskap om tillit i barnevern. Det siste svært aktuelt etter filmen Fjord. Her er det to arrangement på same dag. Dei med meir interesse for kjernekraft, usynleg kapital, oljefondet og algoritmar kan ta turen til Forskarkafé på Kafe K.
Ingeniørdagen blir alltid arrangert under Forskingsdagane. Vi gratulerer alle involverte med 25-årsjubileum. Her har fleire tusen skuleelevar fått interesse for teknologi opp i gjennom åra.
I tillegg inviterer Porsgrunn bibliotek til eit foredrag om den norske tilliten er i ferd med å forsvinne.
Notodden: kunst og kultur
På Notodden inviterer USN kultur, Notodden kommune, Telemark fylke og Norsk industriarbeidarmuseum til ein kveld om tillit i ei uroleg tid og rolla til kultur i totalforsvaret vårt.
Under forskingsdagane er det også opning av kunstutstillinga “Tillit til kunsten”. Her kan du sjå og høyre 20 kunstnarar frå forskargruppa kunstnarisk utviklingsarbeid, praksis og profesjon.
Bø: forskingsfestival, tillit og mistillit i kulturfeltet, fotball og natur- og energisti
I Bø blir forskingsfestival arrangert for andre året på rad: Om propaganda, tillit i skulen på torsdag, og om ungdoms forhold til dialektar, oppdrettsnæringa og forholdet mellom foreldre og barn før og no på laurdag.
Sløseriombodsmannen er ein av foredragshaldarane når USN, Telemarkforsking og Telemarkfestivalen invitere til møte om Tillit i innan kultur: Tillit eller fallitt? Om tillit og mistillit i kulturfeltet.
O’Learys har lagt sitt kickoff for foredragsrekka Påfyll til Forskingsdagane. Hit kjem USN-forskar Hans Hognestad.
Og som vanleg inviterer vi 7.-klassingar til natur- og energisti.
Kongsberg
På Kongsberg er det ikkje opne arrangement i år, men optikarmiljøet besøkjer vidaregåande skular og folkehøgskular og fortel om syn, tillit og kommunikasjon.
Forskarturne – ei nyvinning
I år reiser ni forskarar ut og fortel om forskinga si til elevar ved ulike klassar på vidaregåande skular i regionen vår. Initiativet til dette kom på eit møte mellom dei strategiske forskingsområda våre. Turneen har fått 45000 i støtte frå forskingsrådet.
Thor Heyerdahl vidaregåande i Larvik, Åmot i Buskerud og Skien vidaregåande i Telemark er blant skulane som får besøk. Forsking som på eit eller anna vis kan knytast til beredskap er vald ut i denne omgangen. Og sidan tillit til forsking også er eit tema under forskingsdagane, så seier forskarane også litt om kva metodar dei bruker for at vi skal kunne ha tillit til resultata.
Førsteamanuensis Eva Maria Støa underviser og forskar ved idrettsstudia i Bø. Ho er ein av forskarane som skal på turné til vidaregåande skular. Elevar på Åmot, i Larvik og Bø får høyre Eva fortelje om helse- og treningsfysiologi og om korleis god fysisk helse er ein viktig samfunnsberedskap. Eva gler seg til å møte vidaregåande elevar:
– Det er flott å kunne komme ut av kontoret og fortelje om forskinga si til ungdom som kan ha glede av den. Det er også fint å kunne fortelje potensielle studentar eit par ord om studiet eg underviser på.
LES MEIR: Forskingsdagane - eit regionalt samarbeidsprosjekt
