Hallingdal og Gol ligg midt i Sør-Noreg. Her er det no mogleg å studere på heiltid i eit nyoppussa bygg midt i Gol sentrum.
Hallingdal er kjent for natur, kultur og flotte alpinanlegg. Det finst tilrettelagde stiar for terrengsykling i skog- og fjellnatur, mange mil langrennsløyper og tallause turområde med flotte fjelltoppar som Høgevarde, Reineskarvet og Hallingskarvet. I elvar og vatn er det godt aurefiske. Du kan oppleve konsertar på Ål kulturhus og fleire festivalar. Alt ligg til rette for ei aktiv og opplevingsrik studietid.
Studentbustader
Studentsamskipnaden (SSN) har dessverre ikkje studentbustader i Gol, men fleire bustader som vil vere godt eigna som studentbustader er under oppføring i Gol sentrum. Sjå nettsida Hybel Gol.