Unni Boksasp

Førsteamanuensis

Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap
Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk
Campus Rauland (113)
Unni Boksasp arbeider både som utøvande musikar og som førsteamanuensis i folkesong ved USN Rauland. Ho underviser på alle nivå ved USN Rauland i emna samspel, kveding/ folkesong, dans, musikkteori, tradisjonskunnskap og musikkformidling. Ho arbeider også med studieplanutvikling og sit i kvalitetsutvalet ved USN Rauland.

Ansvarsområder

  • Formidling 
  • Folkesong - individuelt og felles kveding
  • Samspel og konsertar
  • Dans
  • Tradisjonskunnskap
  • Musikkteori
  • Emne- og studieplanutvikling
  • Kvalitetsutvalet

 

 

Kompetanse

Unni Boksasp er folkesongar. Ho arbeider som musikar, både som solo kvedar, i ulike ensemble, låtskrivar, folkedansar og som pedagog. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, frå Universitetet i Sørøst- Norge, avdeling Rauland og frå NTNU. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkesongarane i Skandinavia. Ho har dreve sitt eige Unni Boksasp Ensemble sidan 2006, og motteke ensemblestøtte frå Norsk kulturråd sidan 2011. Ho mottok Spellemannsprisen for plata "Keramello" i 2011 ilag med sitt eige Unni Boksasp Ensemble, Folkelarmprisen i 2011 og 2013, og ho har vunne eliteklassa i vokal folkemusikk, klasse A, to gonger. Ho har vore utvalsmedlem i Fagleg utval for musikk i Kulturrådet sidan 2015. Ho arbeider i dag som førsteamanuensis i folkemusikk ved USN Rauland i tilegg til å vera frilansmusikar.

CV

Utdanning:

2015                Folkedanskroppen og scenen, NTNU Trondheim

1999 – 2005    Musikarstudium, folkesong, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm

1994 – 1997    Bachelorgrad folkemusikk, HiT, Rauland

1994 – 1995    Folkedansstudiet ved NTNU i Trondheim

1992 – 1993    Nordisk grunnfag, Hamar Lærarhøgskole

Publikasjoner

Diskografi:

2020                Tytebæret, Perleskum, Ta:lik

2019                Fryd, Cantus/ Boksasp/ Brøske, 2L

2017                Opus 72017, Unni Boksasp Ensemble, UBE

2016                Julgjæta - Juleverset, Unni Boksasp Ensemble, singel UBE

2016                Fem små ord, Unni Boksasp Ensemble, singel UBE

2016                Syngjaren, Folkemusikk frå Møre og Romsdal, Heilo

2013                Kvite fuglar, Unni Boksasp Ensemble, UBE

2012                Jul inni fjorda – Vestlandsspellmann, Unni Boksasp Ensemble, singel UBE

2011                Tolv dagar i jolo, Warner, gjesteartist med Åsmund Nordstoga

2010                Keramello, Unni Boksasp Ensemble, Øra Fonogram 

                        Solaris gjesteartist med gruppa Slagr og Anne Hytta

2007                Songar frå Havdal, Unni Boksasp Ensemble, Ta:lik 

2002                Enno så segla ho Magnhild- tradisjonelle barnesongar frå Nordmøre. Utgjeve av Nordmøre Mållag

 

Unni Boksasp starta sitt eige plateselskap, UBE Records i 2012, der dei siste innspelingane med Unni Boksasp Ensemble er gjeve ut.