Tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet til USN

Kvart år sender Kunnskapsdepartementet ut eit tildelingsbrev til USN med orientering om budsjettrammene for neste år, og andre føresetnader som inngår i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Det årlege tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet legg føringar for oppdrag og resultatforventningar for det kommande året.

Tildelingsbrevet er eit av dei sentrale styringsverktøya til departementet overfor underliggande verksemder som USN. Etter at Stortinget har behandla statsbudsjettet, stiller departementet løyvingane/pengane til disposisjon for den enkelte underliggande verksemda gjennom tildelingsbrevet.

Brevet gir oversyn over løyvingane og eventuelle føresetnader for bruken av pengane. Det inneheld vidare føringar og forventningar frå departementet overfor USN, og dessutan resultatmål, fullmakter og rapporteringskrav.

Universitetetsstyret skal sjå til at mål og resultatkrav fastsett i tildelingsbrevet, andre vedtak og interne styringsdokument blir følgde opp og gjennomførte innanfor ramma av tildelte ressursar.

Eldre tildelingsbrev: