47 doktorandar vart feira for å ha fullført den høgaste grada i norsk utdanningssystem. 34 av dei var til stades under doktorkreeringa i Bø.
Ikkje eit endepunkt, men eit utgangspunkt
– Dette er ein stor dag for oss alle, ein dag for stoltheit, feiring og ein dag for å heidre dykk som er nye doktorar. De har trassa tvil, dyrka nysgjerrigheit og drive forskinga framover med uthald og engasjement.
Det sa rektor Pia Bing-Jonsson i sin hyllesttale til dei nye doktorandane.
Ho oppmoda doktorane til å ikkje la dette bli eit endepunkt, men eit utgangspunkt for vidare forsking:
– Kjenn på det privilegiet det er; å vere utdanna til å bidra til utvikling og formidling av kunnskap verda har behov for.
Professor Kristin Falk heldt tale på vegne av doktorgradsprogramma ved USN. Ho framheva også kor viktig det er at doktorane bruker kunnskapen sin, at dei tør å snakke sant og å løfte blikket og spørje: kva kan forskinga mi bety for andre?

Djup takksemd
Le Nam Hai Pham heldt talen frå doktorandane. På vegne av dei alle uttrykte han si djupaste takksemd til rettleiarar, mentorar, andre universitetstilsette, familie og venner:
– Bak kvar og ein av oss står det eit nettverk av menneske som tolmodig har støtta og oppmuntra oss, hjelpt oss gjennom krevjande periodar og mint oss om kvifor det er verdt å halde fram.
Til doktorkollegaene sine understreka han at reisa held fram og at dei skal halde fram med å utvikle idear og bruke kunnskap for å utgjere ein positiv forskjell i verda.

Prisoverrekking
Under kreeringsseremonien delte rektor for andre gong ut USN-prisen. Tidlegare er det kjent at USN-prisen for 2025 gjekk til teknologiprofessor Lars-André Tokheim. Tokheim vart vald for den mangeårige innsatsen sin knytt til både forsking, undervisning og rettleiing om CO₂-fangst og lagring, blant anna som sentral bidragsytar til utviklinga av CO₂-fangst frå sementindustrien.
Professor Lars Erik Øi tok i mot prisen på vegne av Tokheim. Tokheim sjølv var opponent på ein disputas. Via Øi sa Tokheim at han var stolt for å få ein pris innan eit område som betyr så mykje for han, og at samarbeidet med industrien har gjort det mogleg å ta forskinga inn i undervisninga på ein relevant måte for studentane.

