Ny studentleiar vil gjere vegen til jobb enklare

Jarand utandørs framfor hovudinngangen til USN Bø med tydelege eigennamnet på bygningen i bakgrunnen.
STORT VERV: Jarand Byrkjeland er student på Universitetet i Søraust-Noreg og nyvald leiar for NITO Studentene. Her får han ansvar for 17 000 ingeniør- og teknologistudentar. (Foto: Helle Friis Knutzen)

USN-student Jarand Byrkjeland tek over roret i NITO Studentene. No skal han kjempe for at overgangen frå studium til jobb blir enklare for 17 000 ingeniør- og teknologistudentar.

25-åringen vart vald til leiar under NITO Studentenes landsmøte etter å ha engasjert seg både lokalt og nasjonalt i organisasjonen. 

– Vervet blir opplevd utruleg spennande og utfordrande. Eg gler meg til å jobbe med saker eg verkeleg brenn for, seier Jarand Byrkjeland.

Han studerer IT og informasjonssystemer på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) campus Bø. Frå juli får han ansvaret for 17 000 studentar når han tek over som leiar for den største organisasjonen i landet for ingeniør- og teknologistudentar.

LES OGSÅ: Når karrierevalet blir endra

Vil gjere vegen til jobb enklare

NITO Studentene er ein del av Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO) og har sidan 1950-talet vore ein pådrivar for studentars rettar. I dag blir organisasjonen rekna som den sterkaste utdanningspolitiske stemma for bachelor- og masterstudentar innan ingeniør- og teknologifag. 

– Studentorganisasjonen jobbar for å fremje interessene til studentane, arrangerer faglege og sosiale treff og sørgjer for å gi gode medlemsfordelar som forsikringar og bankavtalar, fortel Jarand. 

Hans eige engasjement starta då han melde seg inn i NITOs lokallag på USN i Bø. Det gav meirsmak, og etter eitt år i sentralstyret er han no klar for leiarvervet.  

Jarand Byrkjeland i midten sittende rundt et bord med laptop foran seg omkranset av medstudentene Alan Alialy og Robin Danielsen.

– Korleis vil studentane merke at du er ny leiar?

– Dei vil merke kjernesaka mi som er overgangen frå studium til arbeidsliv. Eg har sett kor utfordrande det kan vere å skaffe seg relevant jobb etter studiane. Mi viktigaste oppgåve er å gjere denne overgangen enklare for ingeniør- og teknologistudentar.

Jarand peikar på at mange studentar treng meir relevant erfaring, betre støtte og oversikt over moglegheiter og rettar før og etter dei går inn i arbeidslivet.

LES OGSÅ: Teknologiprofessor Tokheim får USN-prisen for 2025

– Stort behov for teknologar

Jarand gjekk studiespesialisering ved Bjertnes vidaregåande skule heime i Nittedal, og brukte tid på både jobb og andre studiar før han landa på høgare utdanning hos USN.

– Eg valde IT-studiar fordi utdanninga gir mange moglegheiter i både næringslivet og offentleg sektor. Noreg kjem til å trenge endå fleire ingeniørar og teknologar framover, seier Jarand, som er i ferd med å avslutte andre året på bachelorprogrammet. 

Det nye leiarvervet i NITO Studentene er eit nasjonalt frikjøpt verv, og Jarand vil derfor ta eit års pause frå studia. På sikt ser han han for seg ein jobb innan IT og cybertryggleik.

– Akkurat no er eg oppteken av å gjere ein best mogleg jobb som leiar for NITO Studentene, og deretter fullføre bacheloren, seier Jarand.

LES OGSÅ: 

 

Leiaren i NITO Studentene

Namn: Jarand Byrkjeland

Alder: 25 år (fyller 26 år om en uke)

Studiestad: USN campus Bø

Studium: Bachelor i IT og informasjonssystemer, 2. året

Verv: Nyvald leiar for NITO Studentene som er Noregs største studentorganisasjon for bachelor- og masterstudentar innan ingeniør- og teknologifag

Bakgrunn: Har erfaring frå både jobb og andre studiar før USN. Gjekk studiespesialisering ved Bjertnes vidaregåande skule i Nittedal

Engasjement i NITO: Starta i lokallaget ved USN i Bø, seinare medlem av sentralstyret

Kjernesak: Ein enklare og meir føreseieleg overgang frå studium til arbeidsliv