Ferske siviløkonomar fekk pris for forsking på "blockchain"

VALDE USN: Christopher Lie Skarpsno og Radhika Gupta valde å bli siviløkonomar på USN på grunn av den tette kontakten med førelesarane og fagmiljøet, og at universitetets siviløkonomutdanning hadde eit godt rykte.  Foto VALDE USN: Christopher Lie Skarpsno og Radhika Gupta valde å bli siviløkonomar på USN på grunn av den tette kontakten med førelesarane og fagmiljøet, og at universitetets siviløkonomutdanning hadde eit godt rykte. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)
STOLTE SIVILØKONOMAR: Christopher Lie Skarpsno og Radhika Gupta saman med banksjef Steinar Haugli og dekan Hans Anton Stubberud (nærast kamera). (Foto: Jan-Henrik Kulberg) STOLTE SIVILØKONOMAR: Christopher Lie Skarpsno og Radhika Gupta saman med banksjef Steinar Haugli og dekan Hans Anton Stubberud (nærast kamera). (Foto: Jan-Henrik Kulberg)
VINNARGRUPPE: Beste pris, bachelor i IT og informasjonssystem. (Foto: Jan-Henrik Kulberg) VINNARGRUPPE: Beste pris, bachelor i IT og informasjonssystem. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)
VINNARGRUPPE: Beste pris, bachelor i jus og leiing. (Foto: Jan-Henrik Kulberg) VINNARGRUPPE: Beste pris, bachelor i jus og leiing. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)
VINNARGRUPPE: Beste pris, bachelor i økonomi og leiing. (Foto: Jan-Henrik Kulberg) VINNARGRUPPE: Beste pris, bachelor i økonomi og leiing. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)
KARRIEREDAG RINGERIKE: Oversiktsbilete frå Karrieredagen 2019. Foto KARRIEREDAG RINGERIKE: Oversiktsbilete frå Karrieredagen 2019. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)

Christopher Lie Skarpsno og Radhika Gupta har kartlagt korleis teknologien bak kryptovaluta kan brukast til rekneskapsføring.


Nyleg fekk dei pris for beste masteravhandling i økonomi og leiing under Karrieredagen 2019 på campus Ringerike.

Christopher og Radhika er ferske siviløkonomar, med master i bedriftsøkonomisk analyse.

Temaet for avhandlinga deira var «Blokkjede – neste generasjon av rekneskapsføring.»  Blokkjede (blockchain) er teknologien som ligg bak dei fleste kryptovalutaene, som Bitcoin.

Inspirasjon frå å delta på konferansar

– Eg var på ein investor-konferanse i Oslo sommaren før vi skulle starte på masteroppgåva. Der dukka temaet blokkjede opp, og eg syntest det var veldig interessant, seier Christopher.

Omtrent på same tid var Radhika med på DnR-konferansen til Revisorforeininga, saman med førstelektor Kjell Magne Baksaas ved USN Handelshøgskolen. Der var også blokkjede eit tema.

– Etter sommaren fann vi ut at vi var interesserte i det begge to, og at vi hadde lese dei same bøkene. Dermed bestemte vi oss for å skrive oppgåva saman, fortel Radhika.

Tok kontakt, skaffa intervju

Med Baksaas som rettleiar, sette dei to i gang med å kartlegge korleis bokkjede-teknologi kan nyttast som et verktøy for rekneskapsføring.

– Vi starta med å kontakte folk som har skrive om blokkjeder og folk som har vore synlege i media, og vi fekk intervjuavtaler med dei. Heile vegen har vi fått god inspirasjon frå Kjell Magne.STOLT RETTLEIAR: – Det har vore ei glede å jobbe saman med dykk, sa førstelektor Kjell Magne Baksaas. (Foto: Jan-Henrik Kulberg)

– Kvar gong det var ein konferanse om blokkjeder møtte vi opp, tok kontakt og fortalde kven vi var. Dermed var det mykje enklare for folk å seie ja til eit intervju etterpå. Dei var interesserte i problemstillinga, og likte at vi var til stades og snakka med dei. Vi fekk mange intervju på denne måten, fortalde Christopher og Radhika da dei presenterte arbeidet sitt etter prisutdelinga.

Tett fagleg kontakt hjelpte dei gjennom studiet

De valde å bli siviløkonomar på USN på grunn av den tette kontakten med førelesarane og fagmiljøet, og at universitetets siviløkonomutdanning hadde eit godt rykte.  Dei beskriv overgangen frå bachelor til master som tøff, med høge krav frå første dag.

– Det blir ikkje heilt det same på store undervisningsstader. Der får du heller ikkje same forhold til førelesarane.  Det er ein veldig tett kontakt her, og ikkje noko særleg hierarki. Eg har fått mange gode innspel, samstundes som dei har utfordra meg heile vegen. Det har vore veldig viktig for meg, seier Christopher.

– Eg trivst i eit miljø der eg blir sett. Da er det lettare å samarbeide også. Vi hadde av og til veldig tunge artiklar å jobbe med, men gruppa heldt saman gjennom alt. Vi var veldig opptatte av å sitte saman, snakke og diskutere, og det hjelpte oss veldig på eksamenar, fortel Radhika.

Skryt frå rettleiaren sin

– Det har vore ei glede å jobbe saman med dykk. De har vore dugelege til å vera foroverlent, delta på ulike forum og ha informantar med ulike perspektiv. Avhandlinga balanserer på ein god måte fordelene teknologien potensielt kan innebera, samtidig som han òg har eit kritisk utenfra-blikk på avgrensingar ved teknologien, sa førstelektor Kjell Magne Baksaas under presentasjonen etter prisutdelinga.

Kjell Magne Baksaas er også aktuell som leiar for utgreiingsgruppa for eit nytt næringsmasterprogram i rekneskap og revisjon, som etter planen har oppstart hausten 2020 på campus Vestfold og 2021 på campus Ringerike.

Prisutdeling

I tillegg til heider, ære, blomar og diplom får Cristopher og Radhika også 20 000 kroner frå Sparebank1 Ringerike Hadeland.

Det blei også delt ut prisar til beste bacheloroppgåver i jus og leiing, IT og informasjonssystem, og økonomi og leiing.

På den årlege karrieredagen får studentane møte bedrifter på Ringerike, og kanskje sikre seg jobb etter studia.

Radhika Gupta har ein bachelor i økonomi og leiing frå USN campus Kongsberg, og ein bachelor i rekneskap og revisjon frå USN campus Vestfold.

Christopher har ein bachelor i økonomi og administrasjon og ein bachelor i finans, begge frå Handelshøgskolen BI.

Dette fann dei ut:

Christopher og Radhika gjennomførte ein empirisk kvalitativ studie med fokus på 15 aktørar knytte til rekneskaps- og revisjonsbransjen.

Resultatet frå den empiriske undersøkinga syner at blokkjede vil kunne:

  1. Ha ein positiv innverknad på rekneskapsføringa ved å effektivisere rekneskapsføringsprosessar og levere sikrare data.
     
  2. Endre oppgåvene til dei ulike aktørane i bransjen ved at
  • rekneskapsførar vil bli ein økonomisk rådgjevar for bedrifta, og ta roller som systemovervåkarar/analytikarar
  • revisorar vil få meir fokus på verdisettingsoppgåver, og bli ein controllar som godkjenner at systemet fungerer som det skal, og at transaksjonane er lagde inn riktig.

 

«Avhandlingen har med andre ord bidratt med kunnskap om hva blokkjedeteknologien er, samt hvilket potensiale denne teknologien har til å endre regnskaps- og revisjonsbransjen. I tillegg belyser den også de lovendringene myndighetene må gjennomføre for å muliggjøre utnyttelse av teknologiens potensiale», skriv juryen i si grunngjeving.