Med fokus på karriere

Studentane bak Karrieredagn i Bø.
Studentane Henrik Landmark, Linda Skjelbred, Arian Tawfiq og Jonas Nygård arrangerte i år Karrieredagen på campus Bø

På Karrieredagen på campus Bø fekk studentane moglegheit til å knytte kontaktar med bedrifter frå heile fylket.


Tekst og foto: Else Børte

Den tidlegare proffsyklisten Dag Otto Lauritzen opna Karrieredagen ved campus Bø i velkjent entusiastisk stil. Han hadde mang eit råd å gje frå seg.

- Viljestyrke gjer at du får til det du vil. Nyt desse åra nå. Våg å vere utanfor komfortsona. Ta den utdanninga, ta den jobben, ta den praten med den dama, sa Lauritzen.

Stolt dynamitt - blei politi

- Eg hadde aldri drøymt om å bli proff idrettsutøvar. Visste knapt kva ein sykkel var før eg blei 18-20 år, sa den tidlegare proffsyklisten.Proffsyklist Dag Otto Lauritzen motiverte studentene og oppfordret dem til å komme ut av komfortsonen.

Han fortalde dei frammøtte om bryggjesprenging med stolen dynamitt på 17. mai og eit i overkant stort sug etter action. Heldigvis fekk han dekt sine behov i militæret og utdanna seg til å bli politi.

- De har meir ressursar enn de trur. Det er viktig å tenke at det er vårt eige ansvar å kome oss opp att når det er som mørkast. Å ha stått gjennom stormen tidlegare er godt å ha med seg i bagasjen, sa Lauritzen.

Hans fyrste sykkelløp var 13.-mila på Sørlandet. Da blei han bitt av basillen og sidan har han heldt fram.

-Nyttig å vere synleg

I foajeen på høgskulen i Bø stod næringslivet klare på 18 standar. Både lokale og større aktørar. Der kunne studentane møte potensielle arbeidsgjevarar, bygge nettverk og få tips.

- Me prøvar å få eit mest mogleg variert utval med tanke på studia som er her. Her er alt frå friluftsliv til økonomi. Fleire bedrifter er også på jakt etter studentar herifrå, sa marknadsansvarleg for Karrieredagen Linda Skjelbred.

Dette er den tredje Karrieredagen i rekka som studentane sjølve arrangerer.

Gard Madsen var blant dei som stod på stand. Han er rådgjevar for inkubatorbedrifta Proventia.

- Hos oss kan du få testa om forretningsideane dine har livets rett. Det har vore ein del interesserte studentar forbi her i dag, sa han.

Proventia samarbeidar med innovasjonslina ved høgskulen. Spesielt med tanke på studentbedrifter.

- Det er nyttig for oss å vere synlege for studentane, sa han.

Studenttrioen Ann Elisabeth Ringhus, Michelle Larsen og Elisabeth Sollid synst Karrieredagen hjelper dei godt på veg i vidare vegval.

- Her får me ein peikepinn på kva me kan søke på. Me får gode råd og tips, seier Larsen.

RInghus synst det er mindre skummelt å snakke med ulike bedrifter når det er dei som oppsøker studentane og ikkje omvendt.

- Dei veit jo at me ikkje er ferdig utdanna ennå, seier ho.

Eigen fagdag

Studiet Eigedomsmekling arrangerte sin eigen Karrieredag som var retta mot deira fag. Ulike meklarforetak presenterte viktige tema for dei komande eigedomsmeklarane. Til dømes at bransjen er i endring og fokus på karakterar. Det mest kjente trekkplasteret var Karianne Amlie frå fjernsynsprogrammet Ditt boligsalg. Ho heldt foredraget «Det handlar om å satse alt».

- Me vil at folk skal få ferten av eigedomsmeklingsstudiet her i Bø. Studentmiljøet er fantastisk. Alle som kjem inn har jobba hard for det. Lærarane er delaktige og dedikerte, seier Cathrine Olsen, som er med på arrangere fagdagen for andre året på rad.

Stolt kunne ho vise til at nesten alle dei 85 stolane i forelesingslokalet var fylt opp.