Skien er universitetskommune

Skien kommune satsar på å utvikle og ta i bruk velferdsteknologi og helseteknologi, og vil få støtte av USN i dette arbeidet.
Skien kommune satsar på å utvikle og ta i bruk velferdsteknologi og helseteknologi, og vil få støtte av USN i dette arbeidet. Her fra Simuleringssenteret ved campus Porsgrunn.

Kommunane treng forsking for å utvikle tenestene dei tilbyr innbyggarane sine. USN vil forske på aktuelle problemstillingar, og gi studentane oppdatert kompetanse som gjer dei godt førebudde på arbeidslivet. Det passar som hand i hanske.


Tettare samarbeid mellom USN og kommunar i regionen kan gi stort utbytte for begge partar. Skien kommune er først ute med å kalle seg universitetskommune, etter å ha signert ein samarbeidsavtale med USN.

– Avtalen med USN er viktig for oss. Heimen er i aukande grad ein arena for helsetenester, og kommunen må drive kunnskapsbasert tenesteutvikling. Vi har stramme budsjett, men det er aukande forventningar og store behov, seier Erik Nordberg, kommunalsjef for helse og velferd i Skien kommune.

Fagmiljøet innanfor helse og velferd i Skien kommune og fagmiljøet innanfor helse- og sosialvitskap ved universitetet har i fellesskap utarbeidd avtalen som nå er signert. Partane tar sikte på å samarbeide også på andre fagområde, til dømes om lærarutdanning for skolar og barnehagar.  

Forsking og undervisning

Samarbeidet mellom USN og kommunen omfattar både forsking, utvikling og innovasjon, og undervisning og praksisstudiar for studentane. Samarbeidet skal medverke til at studentar får relevant kunnskap og gode kvalifikasjonar for oppgåvene som ventar dei når de går ut i arbeidslivet.

– Praksisstudium er ein viktig del av utdanninga for helsepersonell, lærarar og fleire andre yrkesgrupper. Gode praksisplassar der studentane får rettleiing, erfaring og trening er ein viktig del av utdanninga, seier Kristin Barstad, prosjektleiar for USN Profesjon.

USN Profesjon er ei satsing som skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom USN og offentleg sektor. Ei av målsettingane er at ny, relevant og forskingsbasert kunnskap skal bli til gjennom samarbeid.

Skien kommune satsar på å utvikle og ta i bruk velferdsteknologi og helseteknologi, og vil få støtte av USN i dette arbeidet. Partane skal også samarbeide om endringsleiing og organisasjonsutvikling, og USN skal støtte kompetanseutvikling hos kommunens medarbeidarar.

Nasjonalt nybrottsarbeid

USN ønskjer å vere tettare på arbeidslivet enn universitet tradisjonelt sett har vore. Forskarar skal engasjerast i å løyse konkrete problem, og studentar skal få kompetanse som trengst for å bidra til å utvikle og endre samfunnet.

– Det tette samarbeidet med kommunane er eit døme på korleis vi gjer det. Det er nasjonalt nybrottsarbeid, og vi har stor tru på at det skal gi resultat, sa prorektor Kristian Bogen da avtalen med Skien kommune blei signert.