Studentane møtte Sommartoget

Dei internasjonale studentane møtte også opp da sommartoget ankom Bø stasjon.
Dei internasjonale studentane møtte også opp da sommartoget ankom Bø stasjon.

Studentane i Bø gav Sommartoget frå NRK ein varm velkomst i gråvêret då årets studieåpning saman falt med stoppet til NRKs sommartog.


Tekst og foto: Else Børte

Sjå bilder frå åpninga i Bø og besøk av NRKs sommartog på Flickr

Nye og gamle studentar møtte opp til offisiell åpning av studieåret på Kroa kl. 12.00, deretter bar det ned til Bø stasjon der folk hadde samla seg for å ta i mot Sommartoget. Ikkje sidan påsketider på 50-talet har det vore så mykje liv og røre på Bø stasjon. Det var som det skulle vore Dyrsku’n og 17. mai på same tid.

På stasjonen hadde Visit Bø, Sentrumsringen, Bø kulturnettverk, Bø kommune, Kroa og HSN gått i hop for å lage tidenes folkefest. Sommartoget kom til fulldekt bord. Næringslivet baud seg fram, folkemusikk og korpsspel fylte øyro, studentar mingla og barnehageungane ville møte Fantorangen. På kveldstid får Bø vist seg fram i beste sendetid på Sommaropent.

-  Dette er eit utruleg godt samarbeid mellom ulike organisasjonar. Alle gjev og tek for å få til dette. Det er veldig viktig for oss å ha med HSN, seier Mariann Dale i Visit Bø.

Dita og Rebecca på tv

Dita og Rebecca på tv

Dei to studentane Dita Prüse og Rebecca Økland stilte opp på sendinga på kveldstid for å fortelje om korleis det er å studere i Bø og kor mykje Kroa betyr for studentane og artistar som har spela der. Og ikkje minst vaflane som det går gjetord om.  

- Regnet stoppar ikkje oss. Eg håpar mange kjem innom, sa Prüse før sendinga og det gjorde dei også.

Ei som veit korleis det er å vere student i Bø er dagleg leiar i Sentrumsringen Nanna Elseth.

- Bø må vere ein av dei beste studiestadane. Det er ein grunn til at så mange busett seg etter å ha studert her. Alle trivst og samarbeidar, seier Elseth.

Ho synest det er fint at nye og gamle studentar er med på togstasjonen.

- Dei har bidrege mykje før og under denne dagen. Dei betyr alt for arrangementet, seier Elseth.

Skapar aktivitet

Ordførar Olav Kasland er også takksam for tilsiget av studentar til bygda.

- Mange studentar blir forelska i kvarandre og bygda, og blir verande. Me vil også gjerne ha studentane verande her i Midt-Telemark. Dei er hovudgrunen til at Bø har så mykje liv, seier Kasland.

Heidi Røneid, som driv Roxy kaffebar, delte ut både kaffi og søtsaker på stasjonen. Ho er klar på at bygda treng studentane for å ha eit såpass aktivt sentrum.